Å gjendikte musikk er ikkje berre å omsetje ord for ord, ein må omsetje alt samla, med melodi, tekst og ikkje minst kjensle. Dette har Ånnevik fått til tidlegare ved å omsetje fleire klassikarar, mellom anna frå artistar som Joni Mitchell og Spice Girls.
- For ei glede det har vore å få omsetje Once! Ei skikkeleg kul utfordring, både formatet, songane og nynorsken. Forteljinga og karakterane har vore med meg rundt det siste året, og gjennom dei har eg også vorte mint på kor viktig det er for meg å halde på med det eg gjer, musikken og orda, å spele og skrive seier Ånnevik.
Once handlar om vanlege menneske, men med vanskeleg økonomi og som kjempar med utfordringar i livet. I Once er skodespelarane sjølve orkesteret i framsyninga.
Frida Ånnevik er visesongar, tekstforfattar og omsetjar. Ho har motteke fleire prisar for musikken sin, mellom anna fleire Spellemannprisar. Ånnevik er først og fremst visesongar, men musikalsk har ho òg mange referansar til jazzmusikk, populærmusikk og folkemusikk. Ho har vore aktiv i ulike prosjekt og band.