Bakgrunnsartikkel

Musikalen som blei til på trass

Den romantiske musikalen Once starta som eit lite indie-filmprosjekt og enda opp som ein prisvinnande musikalsuksess på Broadway.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Once frå 2007 hentar inspirasjon frå ekte historier frå gatesongarar i Dublin. Filmen blei til under krevjande forhold og produsert med eit budsjett på om lag 130 000 norske kroner, som er tilnærma ingenting i filmsamanheng. På grunn av det låge budsjettet blei filmen spelt inn i skodespelaranes private leilegheiter, utandørs i dagslys og utan offentlege godkjenningar.

Stjerneskodespelaren Cillian Murphy (kjend for mellom anna filmen Oppenheimer) var eigentleg tiltenkt den mannlege hovudrolla, og skulle også vere medprodusent for filmen. Han fekk imidlertid kalde føter, og hoppa av prosjektet på grunn av dei låge budsjetta og fordi han var skeptisk til å spele mot den kvinnelege hovudrolleinnehavaren Markéta Irglová. Ho hadde ikkje spelt i film før, og var i tillegg berre 17 år da dei byrja planleggjinga.

Amatør-skodespelarar

Manusforfattar og regissør John Carney bestemte seg for å gjennomføre prosjektet likevel. Han betalte løn til skodespelarane frå si eiga lomme, og filmen blei spelt inn på berre 17 dagar. Som planlagt var det Markéta Irglová som spelte rolla som Ho, og Glen Hansard fekk rolla som Han. Irglová og Hansard spelte i band i lag frå før, og skulle lage musikken til filmen. Dei hadde lite skodespelarerfaring, men kjemien dei imellom kjennest autentisk. Det oppstod da også søt musikk på settet, og dei to blei eit par i løpet av filminnspelinga.

Prisdryss til film og teatermusikal

Musikken i filmen og teatermusikalen er ei form for irsk-inspirert singer/songwriter-folkrock, og har gjort sitt til at Once har blitt så populær.

Glen Hansard og Markéta Irglová i filmen Once.

Låta Falling Slowly / Styrte sakte av Markéta Irglová blei kåra til beste filmlåt under Critics Choice Awards, og vann prisen for beste filmlåt under Oscar-utdelinga i 2008. Med det blei Irglová den yngste komponisten nokon gong som har fått ein Oscar for filmmusikk. I tillegg vann filmen publikumsprisen under filmfestivalen Sundance.

Manuset til teaterversjonen av filmmusikalen er skrive av Enda Walsh, mannen bak Bowie-musikalen Lazarus, og hadde premiere ved New York Theatre Workshop i 2011, før den gjekk frå Off-Broadway til Broadway i 2012. Musikalen Once blei ein braksuksess og blei heidra med heile 8 Tony Awards og tre Drama Desk Awards i 2012, i tillegg til Grammy for beste musikalteateralbum i 2013.