Amanda Kamara
er songar, låtskrivar og skodespelar med utdanning frå Bårdar Akademiet (2013-2015).
Ved Det Norske Teatret har ho spelt i framsyningane Snøkvit (2017), The Book of Mormon (2017-2019), Nila og den store reisa (2018) og Lazarus (2019-). Våren 2017 sleppte ho sin første singel Limbo, og deretter låta Can’t sing under water.
Amanda Kamara har også spelt i NRK-serien Magnus.
Tidlegare framsyningar
2019 | Lazarus | Teenage girl |
2019-2020 | Charlie og sjokoladefabrikken | Ompa Lompa mfl. |
2018 | Nila og den store reisa | Aisha |
2017| | Snøkvit | Hoff / Dverg |
2017-2019 | The Book of Mormon | Ensemble 11 |