Bli med på ei interaktiv vandreframsyning i teateret, og løys eit spennande mysterium!
Det er med stor glede vi kan avsløre at Noregs mest kjende kunstnarduo vender heim etter over ti år i utlandet. Regissør Verner Bang-Wisløff og stjerneskodespelar Angelica Dybwad har teke heile verda med storm med sine imponerande produksjonar. Frå Berlin til Beijing, frå Kairo til Kuala Lumpur.
No inntek dei Det Norske Teatret med ei framsyning som heilt garantert kjem til å ta pusten frå deg – og du er invitert til verdspremiere! Spenn fast setebeltet og gjer deg klar for ein spektakulær berg-og-dal-bane av ei teateroppleving, ulikt alt anna du har sett.
Og kanskje viktigast av alt: Vi garanterer at premieren kjem til å gå heilt etter planen, og at ingenting dumt kjem til å skje.
Interaktiv vandreframsyning
I Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt) inviterer vi til ei interaktiv vandreframsyning rundt om på heile teaterhuset. Bakteppet er ein sensasjonell verdspremiere som tek ei uventa vending. Publikum må bli med inn bak kulissane for å løyse eit spennande mysterium.
I rom ein vanlegvis ikkje får sjå – bak scenen, i verkstader og rekvisittlager – får publikum eit unikt innblikk i maskineriet bak eit av Noregs største teater.
Feil Teater
Hausten 2026 flyttar teaterkompaniet Feil Teater inn på Scene 3 på Det Norske Teatret. Der skal dei vere i eit heilt år og lage teater for barn.
Feil Teater jobbar for at teater skal vere inkluderande, noko alle har råd til og bygge fellesskap. Framsyningane tek utgangspunkt i mange ulike tema, men felles for dei alle er eit lett og leikent teateruttrykk som fenger dei som ikkje oppsøker teater til vanleg. I 2023 fekk dei Heddaprisen for beste framsyning for barn med framsyninga Nordpolen Magiske Trikketransport, og i 2025 blei dei nominert i same kategori for Flukten fra Botsen.
PASSAR FOR barn frå 7 år.
Tips for ei god teateroppleving med barn!
Å gå på teater er spennande og magisk. Det kan likevel vere lurt å førebu seg litt før ein går på teater med dei som er små. Her er tips til eit godt teaterbesøk med barna!
Les meirKjøp billett
Vel speledato for Den perfekte premieren
-
Få billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar