- Vi ønskjer at barn skal gå heim med ei oppleving av noko heilt utanom det vanlege! Seier Amalie Ibsen Jensen, ein av dei som utgjer Feil Teater.
Sidan oppstarten i 2016 har teaterkompaniet blitt kjent for å lage framsyningar med tydelege tema i augehøgd med publikum. Dei har hausta svært gode kritikkar, Heddaprisen og nominasjonar, og billettane til dei ofte eksklusive teateropplevingane har blitt rivne bort.
- For barn kjennest det stort å få vere delaktige, ta på og vere med.
Den dagen ingenting rart eller kriminelt skjedde i banken (2024) blei laga i samarbeid med Sentralen Ung. Foto: Sentralen.
Mange av framsyningane er altomfattande vandreteater med underfundige karakterar og frodig scenografi der det blir skapt ei heil verd publikum kan tre inn i, bevege seg rundt i og vere delaktige i. For eksempel har publikum måtta gå gjennom eit kjøleskap og over ei islagt hengebru for å komme vidare i historia.
- For barn kjennest det stort å få vere delaktige, ta på og vere med, forklarar kompanjongen Sebastian Skytterud Myers.
- Ja, da kjenner dei på meistring, legg Ibsen Jensen til.
Det Historiske Slaget om Bakgaarden, 2020. Foto: Jonas Jeremiassen Tomter og David Zadig.
Framsyningane blir ofte skapte gjennom intervju med barn og med barn som test-publikum. Fleire av teaterstykka er som mysterium barna sjølve må vere med på å løyse. Utan at barna hjelper til, vil framsyninga stoppe opp. Det kan vere dei må finne ein nøkkel inne på eit kontor, for å låse opp eit skap, som viser seg å vere ei dør til ei magisk verd.
- Vi ser faktisk på teater som ei demokratisk øving. Vi ønskjer å vise barn at dei kan ha påverknad og ha noko å seie.
Artikkelen er skrive i mai 2026. Sist gong oppdatert 19. august 2026.