Ein grøssar for barn.

Alt i denne historia er funne på.
Likevel er alt saman sant.
Kvart
einaste
ord.

Den unge studenten Victor Frankenstein har stengt seg inne i slottet sitt, og her arbeider han med å få til det umoglege: Å skape liv i ein død kropp. Når han endeleg lykkast i å vekke skapningen til live, er den alt anna enn han hadde drøymt om. Victor kastar skapningen på dør, og dette set i gang ei rekke grufulle hendingar. Og når grufulle ting skjer, har ein berre to moglegheiter: Ein kan stenge seg inne, eller ein kan be om hjelp. Men kven vil vel hjelpe eit monster?

Klassikar for barn

Frankenstein er ein grøssar for modige barn og skvetne vaksne, i ein nyskriven versjon basert på romanklassikaren av Mary Shelley som har gitt lesarar frysingar i over 200 år. Rotne hjernar, dødsdømde kjeltringar og grotesk vitskap blir sydd saman til ei historie om kva som gjer ein skapning til eit monster, og om å vilje bli frykta når ein ikkje kan bli elska.
Men hei: Om du blir redd, er det lov å gripe tak i armen ved sida av deg. Berre pass på at han heng skikkeleg fast i kroppen han høyrer til, så du ikkje endar med ein laus arm i fanget...

PASSAR FOR barn frå 10 år.

Feil Teater på Scene 3

Hausten 2026 flyttar teaterkompaniet Feil Teater inn på Scene 3 på Det Norske Teatret. Der skal dei vere i eit heilt år og lage teater for barn.

I 2023 fekk dei Heddaprisen for beste framsyning for barn med framsyninga Nordpolen Magiske Trikketransport, og i 2025 blei dei nominert i same kategori for Flukten fra Botsen.
Feil Teater jobbar for at teater skal vere inkluderande, bygge fellesskap og noko alle har råd til. Framsyningane tek utgangspunkt i mange ulike tema, men felles for dei alle er eit lett og leikent teateruttrykk som fengar dei som ikkje oppsøker teater til vanleg.
Første framsyning ut på Scene 3 er Frankenstein.

Kjøp billett

Vel speledato for Frankenstein

Finn ut meir