Det Norske Teatret og Feil Teater inviterer barn til gratis teikneverkstad! Bli med inn i universet til Den perfekte premieren!

Har du eit barn som er kreativt og har lyst til å bli med inn i eit teaterunivers? No inviterer vi til gratis kreativ teikneverkstad til framsyninga Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt)!

Dato: Laurdag 12. desember kl. 13.00 og 15.00.
Alder:
For barn mellom 8-12 år

Teikneverkstaden er støtta av Sparebankstiftelsen DNB

Teikneverkstad til
Den perfekte premieren

Verkstaden er for alle barn mellom 8-12 år som likar å uttrykke seg kreativt gjennom teikning. Utgangspunktet er framsyninga Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt) som Feil Teater lagar på Scene 3 i haust. Stykket handlar om ein sensasjonell teaterpremiere som tek ei uventa vending. Publikum må bli med inn bak kulissane for å løyse eit spennande mysterium.

Barna treng ikkje å ha sett framsyninga for å delta, og dei treng ingen forkunnskap. Saman med flinke folk skal barna få lage sin versjon av historia om Den perfekte premieren gjennom teikning.

Praktisk informasjon

Det er to like verkstadar laurdag 12. desember. Kvar verkstad varar i 90 minutt. Møt opp seinast 15 minutt før start.

- Hent gratisbillett til verkstad kl. 13.00.

- Hent gratisbillett til verkstad kl. 15.00.

Foreldre og føresette treng ikkje å vere tilstades under verkstaden. Etter verkstaden blir teikningane til barna stilt ut på Det Norske Teatret. Etter at utstillinga er ferdig, kan barna hente teikningane sine på teateret.

I oktober var det teikneverkstad til framsyninga Frankenstein.
Skumle monstre tek form.
Basert på teikningane til barna laga kunstnar Renate Thor plakat til Frankenstein.
Barna brukte mellom anna kol til å teikne med.
Illustratør Kjersti Synneva Moen er med på teikneverkstaden 12. desember. Foto: Agnete Brun/Aschehoug.

Kven møter du?

Kjersti Synneva Moen er ein illustratør og teikneserieskapar som teiknar med hjarte for det nære, det poetiske og det humoristiske. Ho har laga illustrasjonar for mellom anna Morgenbladet, Gyldendal, Mental Helse Ungdom, Kvinnefronten og Human-Etisk Forbund. I tillegg har ho gitt ut fleire bøker, mellom anna «Grip den føkkings dagen» (2023), «Selma gjør så godt hun kan» (2024) og «Bløte folk» (2026). Kjersti skal halde teikneverkstad for barn og laga teaterplakat for Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt).

Feil Teater er eit teaterkompani som lagar barneteater. Dei jobbar for at teater skal vere inkluderande, bygge fellesskap og noko alle har råd til. Hausten 2026 flyttar dei inn på Scene 3 på Det Norske Teatret. Andre framsyning er Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt). På teikneverkstaden møter du skodespelarane Didrik Hagberg og Mathias Ambjør.

Illustrasjon: Mari Kanstad Johnsen

Teikneløftet

Dette prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB, og er ein del av Tegneløftet.

Teikneløftet er ei satsing for å auke nysgjerrigheita for, kunnskapen om og ferdigheitene innan teikning, både som kunstnarisk uttrykk og som eit verktøy for læring. Prosjektet er eit initiativ frå Sparebankstiftelsen DNB, saman med Kunst og Design i Skolen, Tegnerforbundet og Kunst i Skolen.