Lesestoff i tida
Men først – ved inngangen til sommaren er det berre EIN ting som står i hovudet på det norske folk. Fotball. Vår eigen husskald, eller rettare sagt biograf, Alfred Fidjestøl har skrive boka om den lange og tornefulle vegen for landslagsgutane våre. Oppstandelsen heiter verket som lar oss komme tett dei nasjonale førebilda våre på grasmatta. Fidjestøl skriv elegant, vittig og tar for seg både dei lange linjene og det anekdotiske i si skildring av ein fabelaktig gjeng med unge menn som «nok ikke ofte leser annet enn kebabmenyen på Tåsen», som ein av kritikarane skreiv.
Eller kva med ei faktabok om Haaland for dei minste – på nynorsk? Samlaget er aktuelle med ein serie mynta på barn som lærer seg å lese.
For deg som vil førebu teaterhausten
I haust kjem Jonas Hassen Khemiri sin siste roman Søstrene til Hovudscenen. Historia om Jonas, om tre søstrer, om livet, familieforhold, venner, kvardagar og fest er ein 650 sider lang lesefest. Ein stor roman – både biletleg og heilt konkret. Super på Kindle på stranda, men passar også finfint i godstolen på hytta!
Vil du heller lese noko anna av Jonas Hassen Khemiri og spare Søstrene til teatermørkeret, så har han fem andre botnsolide verk på samvitet. Det er berre å velje!
I haust står også Prøysen på repertoaret. Prosjekt Prøysen er eit forsøk på å dykke ned i det mørke, skakke, triste og sinte hos forfattaren som har gledd generasjonar med sitt kloke blikk på livet. Kanskje skulle ein hente fram stubbar og forteljingar frå hans penn, eller bli betre kjend med diktaren gjennom biografien som Ove Røsbak har skrive? Den prisløna biografien ber tittelen Alf Prøysen, blåklokkeviku og slipsteinsvæils og skildrar livet hans både godt og ærleg.
Berlin på repertoaret
Korleis ser eit samfunn ut rett før det bryt saman? The Berlin Stories av Christopher Isherwood er blant dei mest kjende litterære skildringane av Berlin i åra før Adolf Hitler kjem til makta. Romanen er ei rekke portrett av menneske som prøver å leve som før, samtidig som gatekampar, antisemittisme og nazistisk vald blir ein del av kvardagen. Boka var grunnlaget for skodespelet I Am a Camera og seinare Cabaret, som er haustens store musikal på Det Norske Teatret.
Ei anna god lesaroppleving er Helge Jordheims Berlin – byen og historien. Ein grundig og eineståande introduksjon til Berlins og Tysklands historie, skriven som ein byguide som ikkje liknar nokon annan.
Klassikaren frå 1920-åra, Alfred Döblins Berlin Alexanderplatz, skildrar miljøet som Kit Kat Klubb er del av og er òg verdt å vurdere. Eller kva med Astrid Sverresdotter Dybvik sine bøker om byens mangfaldige og dramatiske historie? Vi tilrår gjerne både Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen og Det mørke Tyskland. Ei reise blant høgreekstremistar.
Cabaret
Velkommen til Kit Kat Klub – staden der du kan leggje problema og skuffelsane dine ved inngangsdøra og kaste deg ut i den livsnytande og hemningslause natta. Her inne er livet vakkert, jentene er vakre, ja, til og med orkesteret er vakkert.
Les meir
«Gutta»
Ikkje gå glipp av den bekmørke, episke komedien om «gutta» og den nye verdsordenen.
Les meirDei politisk ekstreme
Og når vi først er i gang med dei høgreekstreme; i haust kjem Even Torgan til Scene 2 med framsyninga «Gutta», ein bekmørk komedie om unge menn på full fart inn i mørke politiske avkrokar. Her er det freistande å komme med mange tips, men kanskje vi skal avgrense det til romanen om han som grunnla den første, store fascistiske rørsla i Europa; Benito Mussolini. M – århundrets sønn av Antonio Scurati er ei fascinerande og skarp framstilling av ein urovekkande periode, ein grundig gjennomgang av den historiske fascismen som speglar framveksten av samtidas liknande politiske grupperingar.
Benito Mussolini var grunnleggjaren av fascismen og sat med makta i Italia frå 1922 til 1943. Dette verket gir solid kunnskap om ei rørsle som framleis er høgst relevant i samtida vår.
For dei yngste
Forlaget SKALD har ein serie med klassikarar i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket. Frankenstein er del av serien og sommaren er ei ypparleg anledning til å lese denne for dei minste før Feil Teater entrar Scene 3 med ein dramatisert versjon til hausten.
For dei yre
Sommarsatsinga frå Samlaget er ei novellesamling der erotikken får fritt leide. Attrå er tittelen som samlar 12 erotiske tekstar, mellom anna ein skrive av skodespelaren Carl Martin Eggesbø som for tida er aktuell i Europavisjonar. Også Brynjulf Jung Tjønn er representert, i haust er han aktuell som omsetjar av Søstrene av Jonas Hassen Khemiri.
For dei engasjerte
Den amerikanske dramaklassikaren Ei rosin i sola av Lorraine Hansberry står på repertoaret i haust. Om du vil bygge ein litterær grunnmur før framsyninga, les Medborgar – eit amerikansk dikt av Claudia Rankine, utgitt på Samlaget. Medborgar er eit litterært vitnesbyrd over korleis rasismen til dagleg gjennomsyrar livet vårt, og er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra.