Terningkast fem

«Til deg som har sakna å bli provosert i teateret: «Gutta» ventar på deg!» 

«ingen tvil om at dette er noe unge burde se» 

«I et solid ensemble utmerker særlig Aksel Almaas seg som August, den vestkantvakre influenseren som vet hvordan han skal få oppmerksomhet og vinne sympati.»

Ikkje gå glipp av den bekmørke, episke komedien om «gutta» og den nye verdsordenen.

Influensaren August lagar edgy innhald for unge gutar på TikTok, men drøymer om å bli sett for noko meir.

Når han kaprar mikrofonen under ein livepodkast med samfunnsdebattanten William for å snakke om innvandring, set han ufrivillig i gang eit sirkus av politiske ambisjonar og intense maktkampar, driven fram av ei farleg forelsking.

Artigare og drygare teater

Dramatikarane Even Torgan, Even Vesterhus, Tine Skjold og Oda Radoor stormar inn i det politiske kaoset, klare til å rive i gamle tabu og kaste publikum inn i ein morosam og blodig kamp om meining og makt.

Her skal vanskelege tema ikkje berre løftast fram – dei skal setjast i spel. Publikum blir ein del av ein brutal kamp der grenser blir flytta, posisjonar blir utfordra og meiningar blir sette på prøve.

Framsyninga blir utvikla med utgangspunkt i Torgans metode, der likestilt veksling mellom nyskrive materiale, improvisatorisk arbeid med skodespelarane og dialog med publikum står sentralt i det skapande arbeidet.


ÅTVARING TIL PUBLIKUM

Framsyninga inneheld rasistisk retorikk, kvinnefiendtlege haldningar, homofobe ytringar, våpen og høge lydar.

Det blir også nytta strobelys og scenerøyk.

ALDERSGRENSE
12 år (ungdomsskolen)

Regissør Even Torgan

Kunstnerisk leiar for fremsyninga er Even Torgan, som har blitt lagt merke til med ukonvensjonelle og ofte provokative framsyningar ved fleire scenar. I 2013 etablerte han Antiteatret, med mål om å skape relevant teater for unge menneske. Torgan og Antiteatret står bak ei rad kritikarroste og prisvinnande framsyningar, mellom anna Før vi dør, dj pedo, Rasisten og Stor cis-energi. For Nationaltheatret har Torgan også sett opp framsyninga Dette fortjener du, og i 2024 fekk han både Dramatikerforbundets og Statens kunstnarstipend.
«Gutta» er den første produksjonen Even Torgan leiar fram for Det Norske Teatret.

Som vanlig har Antiteatrets Even Torgan & kompani laget et svært underholdende og godt koreografert verk.

Finn ut meir