Prosjekt Prøysen Prosjekt Prøysen
Ein teaterkonsert med stubbar og viser av Alf Prøysen.
Kjøp billettVelkommen til ein musikalsk kveld med tre av våre fremste Prøysen-tolkarar: Frida Ånnevik, Knut Anders Sørum og Terje Strømdahl.
Litt for redd? Litt for stille? Litt for mykje? Litt for tjukk? Litt for tynn? Litt for einsam? Litt for sjenert? Litt for genial? Litt for pussa litt for tidleg? Generelt litt misforstått?
Kanskje du berre er litt Prøysen?
Prosjekt Prøysen tek publikum med inn i eit Prøysen-univers mange ikkje kjenner like godt. Det mørke og såre, det skeive og sinte, men også varme, humor og trassig livskraft. Gjennom musikk, forteljingar og nye tolkingar kjem vi tett på menneska som lever mellom linjene hos Alf Prøysen. Dei som fell utanfor, lengtar, håpar og held ut.
Frida Ånnevik, Knut Anders Sørum og Terje Strømdahl har kvar for seg og på unike vis bala med og nylese Prøysen, men dette er første gongen dei står saman på ein scene. Det har blitt ein varm, sterk og sår teaterkonsert med kjente - og ikkje fullt så kjente - Prøysen-karakterar og songar framført i ny drakt av eit solid sett musikarar med Frida, Terje og Knut Anders i spissen.
Gratis introduksjon før framsyninga
Terje Strømdahl er gjest i podkasten Språkoppdraget. Lytt til episoden her, eller der du elles lyttar til podkast.
Framsyninga er produsert av Teater Innlandet i samarbeid med Musikk i Innlandet.
Produsert etter en avtale med Teaterforlaget Songbird AS.
Lisensiert etter avtale med Norsk Musikkforlag, Sony Music Publishing Scandinavia og Skjønhals Holding.
Med Terje Strømdahl, Frida Ånnevik, Knut Anders Sørum, Synnøve Ovrid, Øyvind Røsrud Regissørar Magnus Myhr og Jørgen Strickert Scenograf og lysdesignar Elisabeth Kjeldahl Nilsson Kostymedesignar Lise Søraune Musikalsk leiar Øyvind Røsrud Lyddesignar Pål Terje Antonsen Produsent Camilla Ødegården Bakken Kunstnarleg sparringspartnar Thea Stabell Toppfoto Tale Hendnes
Lysten på meir musikal og musikkteater? Sjekk ut menyen her!
