Det tredje og siste kullet ved Det multinorske viser sine eksamensframsyningar.

Vonde soger

Vonde soger er basert på tekstane i Për Lagerkvists novellesamling «Onda sagor» frå 1924. Për Lagerkvist er ein av dei verkeleg store skandinaviske forfattarane. Tekstane hans kretsar ofte rundt spørsmål knytt til tru og tvil, og den angsfylte redsla for det meiningslause. Regissør Jonas Corell Petersen har sjølv omarbeidd novellene som er med i framsyninga, i samarbeid med studentane. Materialet er rive frå kvarandre og hekla saman igjen til ein leiken og uventa heilskap.

Basert på Pär Lagerkvists Onda sagor
Regissør og omarbeiding: Jonas Corell Petersen
Omsetjing: Inger Johanne Sæterbakk
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
Visuelt ansvarleg: Ida Grimsgaard

Universum

Universum er ei novelle skriven av Linda Boström Knausgård. Teksten er henta frå den kritikarroste novellesamlinga «Grand mal», som kom i 2011. Teksten handlar om Lisa, ei ung jente på 15 år, som kjem frå den vesle, keisame industribyen Piteå. Her er det ingenting anna å ta seg til enn å gå på ski eller snike seg inn på byens einaste utestad, Universum. Hovudpersonen er framleis eit barn, men problema ho har rota seg opp i er vaksne.

Av: Linda Boström Knausgård
Regissørar: Mona Huang Høivik og Ingrid Weme Nilsen
Omsetjing: Inger Johanne Sæterbakk
Animasjon og musikk: Mona Huang Høivik

Produsent, Det multinorske: Roar Myrvang, roar.myrvang@detnorsketeatret.no

Finn ut meir