Juleteater

Julestemninga kjem ikkje av seg sjølv. Å gå på teater, konsert, kino eller dele andre opplevingar i lag kan vere ei fin opplading til juletida, og ein god pause i julestria. Ta med deg nokon du er glad i på teater før jul i 2026!

Den aller beste julestemninga får du av å dele ei oppleving med dei du er glad i!

Juleshow på Hovudscenen!

Juleroser til ein varm førjulsfest på Hovudscenen med Herborg Kråkevik og eit knippe av våre beste forfattarar og artistar. Kom i julestemning på Det Norske Teatret!

Etter suksessen i fjor, byr vi også i år på Juleroser. Tre søndagar i advent inviterer vi til førjulsfest på Hovudscenen. I år har Herborg fått med seg Solveig Kloppen, Frida Ånnevik og songarar frå Birkelunden Mannskor på scenen. Saman med musikarar og skodespelarar frå Det Norske Teatret vil dei mane jula fram.

«Juleroser» er eit samarbeid mellom Samlaget og Det Norske Teatret.

Gøy teater på barnas premiss!

Velkommen til verdspremiere!
Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt) er ei eksklusiv teateroppleving som tek publikum bak scenen og inn i gangane på teateret. Vi blir vitne til at premieren på ei framsyning det er store forventningar til - kanskje ikkje går heilt etter planen. Men med publikums hjelp, blir det kanskje ikkje så verst likevel?
Passar for
barn frå 7 år.

Det er Feil Teater som står bak framsyninga, og dei har laga teater for den yngre målgruppa sidan oppstarten i 2016, og i 2023 fekk dei Heddaprisen for Beste barneframsyning.

Er det julegåve du er ute etter? Sjekk ut våre julegåvetips her!

Juletips!

Gå ein tur opp eit julepynta Karl Johan før framsyninga og syg inn stemninga frå glitrande lyslenkjer og festpynta butikkar. Kanskje nokon vil ha eit glasert eple i Vinterland i Spikersuppa?

Foto: Jul i Vinterland #Instagram.