Bakgrunnsartikkel

Svart komedie om kvite blindsonar og skjult norsk historie

Med Sukker set regissør og manusforfattar Linda Gathu spørsmålsteikn ved det vi trur vi veit om historia vår. Med eit skrått og humoristisk blikk tek ho oss gjennom dei siste 400 åra med afro-norsk historie, inspirert av historiske personar.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Ein ung kunstnar er hyra inn til eit museum i krise, og opplever at rammene for det som blir forventa av ho blir ei tvangstrøye. Etter kvart fell ho bakover i tid og inn i eit tidshol, der ho blir transformert til ulike personar på tvers av tid og kjønn. Vi treffer alt ifrå astronautar (afronautar!) i framtida, til ein ung, svart gut som kom til Noreg på slutten av 1600-talet.

Med afro-futurisme, magisk realisme og svart komedie som form trer vi inn i eit univers der leik med språk, humor og stereotypiar møter blodig alvor.

Framsyninga er eit fiksjonsverk, men fleire av karakterane er inspirerte av ulike afro-norske personar som har levd her til lands gjennom dei siste 400 åra.

Dette er nokre av dei:

Ulrik Frederik Gyldenløve og det mange trur er Christian Hansen Ernst, kopi av måleri. Tilhøyrer Eidsvollminnet (Eidsvoll 1814).

Christian Hansen Ernst (? - 1694)

Mannen i bakgrunnen på dette måleriet trur ein skal vere Christian Hansen Ernst, som skal ha vore tilsett som tollbetjent i Kragerø på slutten av 1600-talet. Dei skriftlege kjeldene til kunnskapen om Ernst er dessverre få og usikre. Han kom mest sannsynleg til Noreg frå London, via København. Som barn skal han ha blitt «kjøpt», og var tenaren til danskekongens uekte son Ulrik Frederik Gyldenløve, som etter kvart blei forpaktar av Noreg, og tok Christian Hansen Ernst med seg til Noreg. Han skal ha snakka engelsk i tillegg til dansk, og arbeidde seg opp til ei stilling i det norske embedsverket. Han blei mest truleg drepen i 1694 i det som i dag heiter Knivstikkersmauet i Kragerø.

Kola Mangoli Wright Løken (ca. 1880 - 1920)

Mangoli var truleg fødd rundt 1880 i Liberia. Rundt 1890 blei ho sett igjen på eit norskeigd skip under leiing av den engelske konsulen til Noreg, som pant for eit beløp som skulle bli betalt. Dette skjedde rett før avreisa. Beløpet blei ikkje betalt, og da skipet skulle legge frå land, var jenta ikkje å finne. Ho hadde gøymt seg i ein trekasse, og skipet sette kurs mot Noreg. Mangoli voks opp som pleiebarn hos den engelske konsulen i Kristiania, og tok seg utdanning ved Industriskolen. Familien Wright omtalar henne som svært snill. Som vaksen fekk ho jobb som vaskekone på Klingenberg Theater. Ho levde i djup fattigdom, og skal ha fått åtte barn med forskjellige fedrar. Ho strevde hardt for å ta vare på dei tre barna ho hadde råd til å behalde og som levde opp. Kola Mangoli døydde av tuberkulose i 1920 etter lang tids sjukdom.

Kola Løken, som ho heitte etter ho blei gift.

Olav Joleik som ung. Foto: Fotografmeister M. N. Horne, Florø. Fylkesarkivet i Vestland.

Olav Joleik (1907 - 1999)

Olav Joleik blei fødd i Fristaten Kongo i 1907. Mora veit vi lite om, anna enn at ho var kongolesisk. Faren var norsk og var på denne tida i teneste som offiser i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia. I 1908 tok faren med seg sonen til Noreg, og han voks opp på garden hos besteforeldra i Eikefjord i Sunnfjord. Olav var ein oppvakt gut med godt og smittande humør, glad i å lese, atletisk, flink til å danse og aktiv i ungdomslaget i bugda. Han blei utdanna ved yrkesskulen innan metallarbeid og elektronikk, men tok over garden etter besteforeldra, og dreiv i tillegg tømmerhogst og fiske. Han skal ha ønskt å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje «var reinrasa nordmann». I 1936 blei han gift med Laura Bjørnset, og dei fekk to barn. Året etter giftarmålet drog han i skipsfart utanriks, og under andre verdskrigen var han med på invasjonen av Frankrike. Etter krigen blei han tildelt Krigsmedaljen og Haakon VIIs fridomsmedalje for innsatsen der.

Anne Brown (1912 - 2009)

Anne Brown blei fødd i Baltimore, USA i 1912. Som barn blei ho lært opp i song og klaver av mora, men da ho søkte det lokale musikkonservatoriet, blei ho avvist fordi ho hadde afro-amerikansk bakgrunn. I 1926 kom ho inn ved Juilliard School of Music i New York. Ho blei berømt allereie ved debuten som operasongar, i rolla som Bess i George og Ira Gershwins verdsberømte opera Porgy and Bess i 1935. Denne rolla framførte ho meir enn 600 gonger. Brown turnerte USA og Canada, før ho i 1946 tok fatt på Europa. På turneen møtte ho ein norsk mann, i 1948 gifta dei seg og ho flytta til Noreg. Astma tvinga henne til å endre kurs, og ho tok fatt på opera-regi. Frå slutten av 60-åra sette ho opp operaer både ved Den Norske Opera og utanlands, i tillegg til å undervise i song ved Teaterhøgskolen. Ho har undervist både Karin Krog, Liv Ullmann og Åse Kleveland. Brown mottok ei rad prisar for arbeidet sitt, mellom anna Musikkritikerprisen i 1950, Oslo Bys kulturpris i 1990 og Norsk Kulturråds Ærespris i 2000. Anne Brown døydde i 2009.

Foto: Ukjent/Ranumsamlingen/Ringve musikkmuseum/Digitaltmuseum.

1. mai 1960, Ruth Reese talar på Youngstorget for boikott av Sør-Afrika på grunn av apartheid-systemet. Ho avslutta talen med å framføre songen Strange Fruit, om lynsing av svarte i Sør-Statane i USA. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Ruth Reese (1921 - 1990)

Ruth Reese blei fødd i 1921 i Alabama, ein av dei mest segregerte statane i USA. I ungdomstida flytta ho til gettoen i Chicago. Ho blei utdanna lærar, som ei av få kvinner med afro-amerikansk bakgrunn på denne tida. Ho tok seinare ulike musikkutdanningar i USA og London. Ho debuterte som songar i Paris i 1953, og blei etter kvart populær på kabaretscenane i Europa og Midtausten, kjent som «The Black Rose». Da borgarrettsrørsla var under frammarsj i USA, kom ho på turne til Noreg, og i 1960 busette ho seg her. Få år seinare blei ho gift med ein norsk mann. Reese sitt virke i Noreg blei som songlærar og songar, med eit repertoar som spente frå klassisk til afroamerikanske spirituals, gospel og jazz. Men det er særleg som antirasistisk aktivist og formidlar av afroamerikansk kultur ho har sett spor etter seg. Ho var nært knytt til Antirasistisk Senter. I 1990 blei ho utnemnd til æresmedlem av SOS Rasisme. Under takketalen segna ho om, og få minutt seinare døydde ho, 69 år gammal.

Toppfoto: Olav Joleik som vaksen. Foto: Fotografmeister M. N. Horne, Florø. Fylkesarkivet i Vestland.

Artikkelen er skrive i samband med framsyninga Sukker. Publisert 25. september 2025. Sist oppdatert 26. september 2025.