Det er regissør Anders T. Andersen, kjent for mellom anna suksessane Verdiløse menn på Nationaltheatret og Lazarus på Det Norske Teatret, som skal sette opp Kommunion. Han fortel at han alltid har vore fascinert av Lars Norén.
- Eg trur det første stykket eg såg var Rumäner på Teater Galeasen. Eg fekk heilt bakoversveis. Stykket handlar om eit immigrantpar i New York, og det er så utruleg nådelaust skrive, med ein heilt særeigen råskap i språket. Nokre år seinare såg eg Stilla vatten i regi av Norén sjølv og vart slått av at teksten hadde ein heilt annan stil. Språket var framleis uhyre interessant, det er både konstruert og ikkje-konstruert på same tid. Både naturleg og kunstig. Seinare har eg lese mykje både av og om Lars Norén, og dette med språket går igjen som noko som særpregar han.
Under arbeidet med Personkrins 3:1, der handlinga går føre seg på gata, blant menneske langt nede på den sosiale rangstigen, hadde produksjonen hatt inne folk frå plata som referansegruppe. Dei vart òg fascinerte av språket. «Det er ikkje sånn vi pratar, men det er sånn vi er,» sa dei. Det er Noréns språk, men språket skildrar livet til nokon andre. Tematisk er han i rørsle. Han skriv om ulike segment i samfunnet, og beveger seg frå middelklassen og gradvis nedover i mørket. Med den kontroversielle Skuggpojkarna heilt inn i dei djupaste avgrunnane. Mange forfattarar blir gjerne verande i det same miljøet. Med Norén er det som om han, så fort han er ferdig med noko, legg det bak seg og går vidare til noko anna. Han oppsøker ytterpunkta. Eg trur han blir trygga av andre dramatikarar som også har oppsøkt ytterpunkta, Tsjekhov, O´Neill, Beckett, Fosse. Men det han skriv liknar ikkje på noko anna. Han evnar å få til noko som er hans eige, unikt for han.
Jon Eivind Gullord som John og Lasse Kolsrud som Alkoholikaren i PERSONKRINS 3:1 i 1999. Regi: Bjørn Melander. Foto: Leif Gabrielsen.
Lars Norén er også ein dramatikar der det av og til kan vere vanskeleg å skilje mellom han og kunsten hans?
- Heilt klart. Han skriv på ein måte dagbok for scenen. Og no snakkar eg ikkje om En dramatikers dagbok, men om stykka hans. Dei er skrivne på skrivemaskin, og sidene er merkte med datoen for når han skreiv ned dialogen.
Lars Norén på sine eldre dagar. Foto: Michiel Hendryckx via Wikimedia Kommons.
Ofte kan ein få inntrykk av at dialogane er henta frå dagen hans. Det er personleg, utleverande og sårbart. Den siste tida har eg gave mykje i tekstane hans, og eg blir stadig meir imponert. Han er usedvanleg også fordi han er så ekstremt produktiv. Han er død, men det finst så mykje att etter han, frå han, som er tilgjengeleg. Både intervju, dagbøkene og stykka.
Han vaks opp på eit hotell, korleis trur du oppveksten påverka han?
- Han hadde ein utruleg spesiell oppvekst, og har sjølv sagt at miljøet der han vaks opp var «radikalt utrygt». Faren jobba på eit hotell, og familien budde på hotellet. Dei var så å seie aldri aleine. Dei åt alle måltida sine saman med gjestane i hotelletrestauranten. Det var som å vere på ein jernbanestasjon, med folk som kom og gjekk heile tida. Eit veldig ustabilt miljø. Så døydde mora da Lars Norén var veldig ung. Han fann trøyst i litteraturen, og begynte å skrive eigne tekstar. Han har sagt at den einaste staden han kjenner seg heime er i språket.
Kva tenkte du første gongen du las Kommunion?
- Det var ein tekst som interesserte meg med ein gong. Eg tenkte at han var spennande og utfordrande. Og det likar eg. Lett er keisamt. Teksten er utfordrande også i forma. Å sette opp eit anglosaksisk psykologisk veldreidd drama kan vere gøy det òg, men med dette stykket må ein verkeleg tenke og leite for å finne ut saman med alle teaterets kunstnarar og verkemiddel korleis ein skal sette det opp.
Scenografien i Kommunion er ved Erlend Birkeland, og består av mange dyner. Foto: Ole Herman Andersen.
Og kva tenker du no, som du er godt i gang med prøvane?
- Straks ein begynner å jobbe med ein tekst så blir han utsett for slitasje. Eg høyrer teksten igjen og igjen. Men som alle gode tekstar, så gjentar han seg ikkje. Tvert imot så utvidar han seg heile tida, med tentaklar som utforskar ulike sider av livet. Kva er det å vere mor, å vere far, son, dotter og så bortetter. Det er ikkje eit gruseleg stykke. Det er eit stykke med mykje varme og kjærleik og humor. Og forsoning. Ein kan kanskje merke at han var eit eldre menneske da han skreiv teksten. Eg trur ikkje eg har vore borti maken til klartenkt kraft. Norén set ord på, og bringar opp, og skriv på en tilforlateleg måte om død.
Du snakka om kor enormt produktiv Lars Norén var. Kva trur du det var som dreiv han?
- Det skjønar eg eigentleg godt. Vi driv vel med kunst fordi vi ønsker å finne ei djupare forståing av kva det vil seie å vere eit menneske på jorda.
Artikkelen er publisert 21. januar 2026.
Toppfoto: Siren Høyland Sæter.