Bakgrunnsartikkel

Lars Norén og Det Norske Teatret

Lars Norén (1944-2021) skreiv ikkje for å glede publikummet sitt, men for å vekke dei gjennom ubehag.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Allereie som 19-åring i 1963 debuterte Norén som lyrikar, og fekk kjapt status som ein av dei store diktarane i heimlandet Sverige. Det er likevel som dramatikar han best blir hugsa.

Etter gjennombrotet med Natten är dagens mor ved Malmö Stadsteater i 1982, blei han utropt til ein dramatikar i verdsklasse og samanlikna med storleikar som Strindberg og O´Neill. Gjennom dramatikken dissekerte han på brutalt vis familierelasjonar, samfunnsforhold og sjelelivet. Språkleg blanda han det kvardagsleg realistiske med det poetiske. Han var svært kontroversiell, men blei likevel raskt mellom Skandinavias mest spelte dramatikarar, ettertrakta over heile Europa. I dag treng han ikkje å bli samanlikna med nokon. Namnet hans står trygt i teateret aleine.

Eit Norén-teater

Det Norske Teatret har sidan starten hatt eit nært forhold til Lars Norén og dramatikken hans. Dramaturg Cecilia Ölvecsky flytta frå Malmö Stadsteater til Det Norske Teatret i 1982, og hadde vore mellom dei første som las stykka til Norén.

Unn Vibeke Hol som Charlotte og Ragnhild Hilt som Monica i Nattverden, Scene 2 på Det Norske Teatret, 1985. Regi: Göran Stangertz. Foto: Frits Solvang.

Teatersjef Svein Erik Brodal og Ölvecsky ønskte å gjere Det Norske Teatret til eit «Norén-teater», og i 1985 hadde Nattverden premiere, som eit av dei første stykka i det nye bygget til Det Norske Teatret i Kristian IVs gate. Ei artig faktaopplysing er at det ifølge den store norske dramatikaren Jon Fosse, var denne framsyninga som endra hans syn på teater.

Sjokkerte kritikarane

I 1991 hadde Det Norske Teatret jamvel urpremieren på Norén-stykket Ei natt lenger enn livet. I 1999 sende oppsetjinga av Personkrins 3:1 sjokkbølgjer gjennom teater-Noreg.


Det handla om samfunnets mest utstøytte, dei narkomane, og etter premieren i Sverige hadde den svenske politikaren Mona Sahlin uttalt at framsyninga kjentest som å få ein real øyrefik. Her heime åtvara NRKs kritikar publikum som var skøyre mot å sjå Det Norske Teatret sin versjon, og skreiv at: «Dette er ikke teater, men sosialpolitisk sprengstoff». Framsyninga blei også her eit stykke alle «måtte» sjå.

Bjørn Floberg og Bab Christensen i EI NATT LENGER ENN LIVET (1991) av Lars Norén. Regi: Harry Gutormsen.
Per Schaanning i PERSONKRINS 3:1 (1999) av Lars Norén. Regi: Bjørn Melander.
Bjørn Floberg og Kirsti Stubø i NOVEMBER (2001) av Lars Norén. Regi: Lars Norén.
Jon Fosse og Lars Norén møttest da Lars Norén regisserte NOVEMBERi.

Hadde regien ved Det Norske Teatret

Lars Norén byrja å regissere eigne stykke, og mot slutten av året 2000 var det ei teaterhistorisk storhending da han kom til Det Norske Teatret for å sette opp urpremieren av den nyaste teksten sin, November.

I Sverige hadde det nett brote ut eit kaos utan like etter oppsetjinga av stykket 7:3. Det var ei framsyning der Norén let innsette frå høgsikkerheitsfengsel spele seg sjølve på scenen, og uimotsagt komme med nazistiske fråsegner. Det i seg sjølv var kontroversielt. Men da to av fangane i tillegg rømde, gjorde eit bankran og drap to politimenn, braut helvete laus.

Presse frå heile verda var til stades da det var pressekonferanse for November. Lars Norén omgitt av pressefotografar. Foto: Morten Holm / NTB.

Pressa fotfølgde Norén, han fekk nærast skulda for drapa og blei eit hatobjekt for mange. Så da dramatikaren og regissøren dukka opp i Oslo i eigen person, fekk oppsetjinga av urpremieren November på Det Norske Teatret internasjonal merksemd.

Gard Skagestad og Heidi Gjermundsen Broch i det førre Norénstykket som blei sett opp på Det Norske Teatret, SOM LAUVET I VALLOMBROSA (2017). Regi Alan Lucien Øyen. Foto: Mats Bäcker.

Historia held fram

I alt har Det Norske Teatret sett opp ti stykke av Lars Norén. Mot slutten av livet skreiv dramatikaren seg inn i ein meir eksistensialistisk stil. Kommunion stiller seg i denne tradisjonen, og er eitt av dei tre stykka som låg på pulten hans da han døydde i 2021. Dette blir den ellevte Norén-produksjonen, og markerer nok ei spesiell hending i forholdet mellom Det Norske Teatret og Lars Norén, som ikkje tek slutt sjølv om han har hatt siste teppefall.

Kjelder:
Alfred Fidjestøl Trass Alt, Det Norske Teatret 1913-2013, Samlaget, 2013.
Cecilia Ölvecsky: Ein nådelaust ærleg dramatikar, artikkel i magasinet Det Norske, 2017.
Toppfoto i saken: Lars Norén fotografert på Det Norske Teatret i samband med oppsetjinga av November i 2001. Foto: Erik Berg.

Artikkelen er publisert 21. januar 2026. Oppdatert 22. januar 2026.
Toppfoto: Lina Ikse via Wikimedia Commons.