Bakgrunnsartikkel

Heimsøkt av eigne gjenferd

Seda Witt har fleire gonger laga teater av andre sine liv, men aldri snudd spotlighten over på si eiga historie. I alle fall ikkje på denne måten. For i vår blir det personleg.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

I framsyninga Gjenferdet inn møter vi den britisk-palestinske skodespelaren Sonia som drar på impulsbesøk til søster si i Haifa i Israel. Sonia blir etter kvart trekt mot teateret, og blir del av ei teateroppføring av Hamlet på Vestbreidda, mot alle odds. Møtet med familien sitt heimland tvingar Sonia ut på ei identitetsreise, og ho oppdagar både si eiga historie og teateret si kraft på alvor for første gong.

Arbeidet med stykket har på mange måtar også fått Seda Witt til å konfrontere si eiga historie.
- Sjølv om dette er eit stykke som går føre seg ein spesifikk stad, så er temaet universelt. Kven er eg, kor kjem eg frå? Korleis har det forma meg? Kan eg skyve det vekk, eller vil det alltid komme tilbake? Slike spørsmål, eller «gjenferd», er vi nok mange som balar med

Kven er eg, kor kjem eg frå? Slike spørsmål, eller «gjenferd», er vi nok mange som balar med.

31-åringen frå Ås blei tidleg dratt mot scenelyset. I amatørteatermiljøet fekk ho same gode kjensla som på fotballbanen. Lagspelet og fellesskapen, det at ein alltid må løfte prosjekt saman, det fenga vesle Seda, og førte henne seinare til skodespelarutdanninga i Verdal og ut i eit frilansliv som passa henne perfekt.

Ho har spelt i gymsalar og klasserom, på alternative teaterscenar, og har også dei siste seks åra vore knytt til landets nasjonalteater. Slik er ho blitt kjent for og med eit publikum som spenner frå små barn og usikre tenåringar til eit vakse og godt vant teaterpublikum. Desse erfaringane har overtydd Seda om at teater er for alle, uansett alder, bakgrunn og erfaringar.
- Eg har sterk tru på teateret som ei samlande kraft. Vi har eit stort ansvar i å invitere alle inn, både ulike publikummarar og ulike historier. Alt har plass her. Det er gjennom kunst at ein kan kjenne seg igjen i noko nytt, noko som ein ikkje kjente til frå før. Og dette møtet er sårbart, både for oss skodespelarar og for publikum. Det er kanskje ein klisjé å seie det, men sånne møte finn ein ikkje nokon annan stad. Og det er det eg elskar mest ved teateret.

Gjenkjenning

Grunnen til at ho sterkt ønskte å vere del av dette prosjektet ligg i gjenkjenninga. For nett som hovudkarakteren i Gjenferdet inn er også Seda Witt vakse opp med foreldre frå ulike land. Som stiftar familie og lagar seg eit liv i eit tredje land.

- Mor mi er frå Brasil, far min frå Tyrkia. Dei kom som studentar til Noreg og møttest på norskkurs. Dei valde å starte liva sine på nytt her, og så langt er det fleire parallellar til historia vi skal setje opp. Arbeidet med Gjenferdet inn har fått meg til å reflektere over mi eiga historie. Som barn ville eg vere så norsk som mogleg, passe inn, ikkje framheve ulikskap, eg ville til og med byte namn. Eg hugsar veldig sterkt kjensla av å ikkje kjenne seg norsk nok. Og det er kanskje ikkje så rart med foreldre frå to ulike land, men eg kjente meg aldri tyrkisk eller brasiliansk heller. Det er merkeleg å kjenne seg framand i alle land. Eg veit ikkje om eg hadde tora å ta tak i denne kjensla om eg ikkje hadde arbeidd med teater. For teateret og kunsten tar opp dette temaet heile tida. Sonia seier; må alle palestinske historier vere ei familiehistorie? Og den setninga resonnerer i meg. For eg trur på eit vis at alle historier er ei familiehistorie, og eg blir heile tida mint på at eg bør ta den danningsreisa som Sonia gjer.

Tapte moglegheiter

For Seda Witt er det viktig å understreke at Gjenferdet inn ikkje er eit innlegg i den politiske debatten om Palestina.
- Stykket er eit glimt inn i liva til dei som forsøker å skape noko under ekstreme forhold. Sonia blir dratt inn i ei oppsetjing av Hamlet, som rett nok har sterke politiske undertonar. Dei praktiske problema og sensuren som kompaniet opplever under prøveperioden gir henne innsyn i kva vanskar folket og kunstnarane der står i. For etter at dei har fått sett opp Hamlet er Sonia for alltid endra. Alle gjenferda; den palestinske arven, familien, skodespelaryrket og øydelagde forhold – ho må ta stilling og kan ikkje skyve det vekk lengre. Gjenferda er ein slags serie av tapte tankar og moglegheiter som ho må anerkjenne for at dei skal slutte å vere gjenferd, men i staden vere noko konkret i livet hennar.

- Det er først når du er vaksen at du set pris på det som gjer deg unik.

Seda Witt innrømmer at også ho kjem til å vere litt endra når dette prosjektet er fullført. Det krev modning før ein er klar og villig til å gå i dialog med gjenferd frå historia.
- Det er først når du er vaksen at du set pris på det som gjer deg unik. Og no kan eg bli lei meg for at eg ikkje var meir open for det foreldra mine representerte, for språka deira, det er no eg finn interesse i å lære det. Det er mykje som er gått tapt hos meg også, så eg skjønner at det har tatt så lang tid for Sonia. Det har tatt tid for meg også, avsluttar Seda Witt.

Intervjuet er publisert 20. januar 2026.