Bakgrunnsartikkel

Teater i motbakke

Å arbeide med kultur på Vestbreidda er uføreseieleg og fullt av hindringar. Det har skodespelar Kyrre Hellum sjølv erfart.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

I vår skal Kyrre Hellum gi kropp og stemme til ein palestinsk skodespelar på Vestbreidda i Gjenferdet inn, teaterstykket som hentar tittelen frå ei scenetilvising i Shakespeares Hamlet. Karakteren George skal saman med ei teatergruppe forsøke å sette opp nettopp Hamlet. Men oppsetjinga møter dagleg på hindringar som følgje av den israelske okkupasjonen, som stikk kjeppar i hjula og gjer det vanskeleg å nå premieredatoen.

Skodespelar Kyrre har sidan sommaren 2023 sjølv vore sterkt personleg engasjert i eit teaterprosjekt på Vestbreidda, og har fått innsikt i kor utfordrande, og nær umogleg det kan vere å utføre handlingar som for oss heime i Noreg er heilt uproblematiske.

- Berre det å komme seg frå A til B er ei prøve for tolmodet.

- Berre det å komme seg frå A til B er ei prøve for tolmodet, forklarar han.
- Du kan bli ståande i timevis på eit sjekkpunkt utan forklaring, og så plutseleg slepper du forbi utan at du får vite kva som var grunnen til at du måtte vente i utgangspunktet.

Engasjert skodespelar

Våren for tre år sidan var Kyrre involvert i teaterprosjektet Revolusjonens løfte, som fortalde om tilhøva for kunstnarar og ytringsfridomen på Vestbreidda.

The Freedom Theatre, som ligg i ein flyktningleir i byen Jenin på Vestbreidda, var ein av samarbeidspartnarane. Dette teateret driv teaterskole og viser framsyningar for og med palestinske barn og unge. Det har blitt angripe fleire gonger, framsyningar har blitt stoppa, taket knust under bomberegn og leiinga på teateret shar blitt arrestert ved fleire høve.

For tida må teaterarbeidarane og barna utføre arbeidet sitt på alternative plassar. Ein av dei tidlegare teatersjefane, Ahmed Tobasi, flykta til Noreg i 2008 og var ein av initiativtakarane til teaterprosjektet Revolusjonens løfte.

Dette skiltet til The Freedom Theatre er knust, etter at teateret blei bomba.

Solidaritetsaksjonen Jallah Jenin

I kjølvatnet av denne teaterframsyninga og kjennskapen med Tobasi, ønskte Kyrre å reise til Vestbreidda og teateret i Jenin. Men han kjente også eit behov for å gjere noko i solidaritet med kollegaene sine.

- Vi er jo alle skodespelarar og teaterfolk. Vi vil fortelje historier som er viktige. Vi er så like og deler ein masse felles referansar. Det er forferdeleg urettferdig at dei ikkje skal få uttrykke seg fritt, slik eg kan.

- Det er forferdeleg urettferdig at dei ikkje skal få uttrykke seg fritt, slik eg kan.

Skodespelarkollega Khalid Mahamuod var også med til Jenin. Her er dei i lag med Adnan Naghnaghiye, teknisk sjef ved The Freedom Theatre.

Om det var noko som helst han kunne gjere for å betre situasjonen, så ville han gjerne gjere det. Dette synet delte kollega Vibeke Harper, som hadde besøkt Vestbreidda fleire gonger tidlegare.
- Kvifor ikkje ta med seg litt teknisk utstyr på vegen? tenkte dei, og starta aksjonen «Jallah Jenin».

Det viste seg å ikkje vere så lett.
- Å få tak i utstyr var lett. Vi fekk masse fint lyd- og lysutstyr både her frå Det Norske Teatret og Den Norske Opera & Ballett. Vi starta ein Spleis og fekk samla inn nok pengar til transport. Men så var det å finne eit firma som ville og kunne sende det til Vestbreidda. Det viste seg å vere umogleg.

Frå Operaen og Det Norske Teatret fekk Kyrre og makkaren Vibeke Harper ein masse teknisk utstyr. Foto: Ole Herman Andersen.

Dei fann til slutt eit firma som via omvegar fekk sendt det til Jordan. No står utstyret på eit teater i Amman, men dei har fått avslag på søknaden om å føre det inn i Jenin. Situasjonen verkar ganske låst.

Kvardag i motgang

Men Kyrre og Harper har ikkje gitt opp aksjonen Jallah Jenin. Dei har ein plan. Dårlege nyheiter er det nok av. Berre nokre dagar før praten vår blei ei teaterframsyning med 70 barn på scenen i det austlege Jerusalem stoppa av israelske soldatar rett før teppet gjekk opp, fortel Kyrre.
- Barna blei redde og lei seg for at dei ikkje fekk vist fram det dei hadde øvd på så lenge. Det er hjarteskjerande. Det seier noko om kor harde tilhøva er.

- Det var liksom ikkje noko hat.

Vibeke Harper og Adnan Naghnaghiye ser på skadene etter at Israelske bulldosarar har meid ned hus i flyktningleiren i Jenin.

Det som gjorde mest inntrykk på Kyrre under besøket på Vestbreidda, var korleis dei han møtte reagerte på all motgangen:
- Det var liksom ikkje noko hat. Dei berre manøvrerer under desse tilhøva. Det er kvardagen deira, seier han.

Som karakterane i teaterstykket Gjenferdet inn, har dei masse humor, varme og overskot.
- Det er overveldande å oppleve den styrken dei har.

Du kan sjå Kyrre Hellum som skodespelaren George Gjenferdet inn frå 6. februar på Scene 2. Den 7. februar står han på scenen i lag med kollegaer under solidaritetskonserten på Hovudscenen.

Kjelder:
Aftenposten 05.07.2023

Haaretz 24.11.2025

Foto: Ole Herman Andersen
Artikkelen er publisert 29. januar 2026