I samband med oppsetjinga av Gjenferdet inn, dedikerer vi Scene 3 til ei undersøking av dei store spørsmåla om Midtausten. Kva er det historiske bakteppet for krigen mellom Israel og Palestina? Korleis skal verda reagere på den endelause straumen av grufulle nyheiter frå Gaza?
Palestinaprogrammet består av faglege og kunstnarlege arrangement som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft. Kan vi nytte scenerommet til djupare refleksjon og nye perspektiv?
Fram mot påske inviterer vi derfor til samtalar, føredrag, konsertar, gjestespel og andre aktivitetar under overskrifta Palestinaprogrammet.
Illustrasjon: A View in Palestine by Henry Ossawa Tanner.
Framsyningar
Palestinaprogrammet Gazaliv ISCENESETT FOREDRAG
Eit iscenesett foredrag om ein familie frå Gaza av og med Marte Heian-Engdal.
Palestinaprogrammet Gazaliv ISCENESETT FOREDRAG
Eit iscenesett foredrag om ein familie frå Gaza av og med Marte Heian-Engdal.