Bakgrunnsartikkel

Popstjerne i Palestina

- Til no har eg kanskje vore litt type-casta. Men denne gongen skal eg vere nokon som er heilt annleis enn meg sjølv, seier Serhat Yildirim, som skal bli palestinsk popstjerne.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

- Wael – han er annleis, veit du. Det likar eg. Da får eg vist ei anna side ved meg, og det gler eg meg til, innrømmer Serhat.

Wael som Serhat snakkar om, er ein av karakterane i romanen Gjenferdet inn av Isabella Hammad, som er i ferd med å bli teater på Scene 3. Nett som i Hamlet av Shakespeare, er det også eit play within a play i Gjenferdet inn. Og det er sjølvsagt nettopp Hamlet.
- Wael skal vere skodespelar for første gong, og debutere i tittelrolla, forklarar Serhat.

I sesongen av NRK-serien med tittelen 18, hadde Serhat Yildirim hovudrolla. Foto: bendik Stalheim Møller/NRK.

Sjølv er Serhat kjent for mange gjennom NRK-seriane 16-19, der han hadde ein av dei sentrale rollene gjennom fleire sesongar. Sidan har han gjort film og så blei det teater. I vår steppar han også inn i hovudrolla i Da vi var yngre på Scene 2.

Wael-karakteren er fetteren til regissøren av stykket i stykket, og ho har ein baktanke med å hyre nettopp han inn til hovudrolla. Wael er ei berømt popstjerne med palestinsk bakgrunn, og er populær både blant palestinske og israelske ungdomar. Eit sjakktrekk for å trekke nye publikumsgrupper til teateret! Men ikkje like populært blant dei andre skodespelarane ved teateret. Dei er usikre på om Wael klarer å tolke ein så kompleks rolle som det Hamlet er.

- I tillegg spelar dei jo teater under heilt vanvitige forhold. Det kan bli razzia og framsyninga kan bli avlyst, eller teateret kan bli bomba - når som helst. Dei kan døy! Dei lever litt på kanten, desse folka her. Samtidig er dei vane med det. Dei har levd slik heile livet. Det som for oss er heilt sjukt, er kvardag for dei, forklarar Serhat.

- Det som for oss er heilt sjukt, er kvardag for dei.

Han meiner dei taklar dette gjennom å akseptere omstenda dei lever under. Det er dei nøydde om for å overleve på Vestbreidda under dei strenge israelske restriksjonane.
- Men min karakter er litt privilegert. Han har eit anna pass fordi han er stjerne. Han har det litt betre enn mange andre palestinarar, forklarar Serhat.

Å spele i Gjenferdet inn har fått han til å reflektere rundt sine eigne privilegium som norsk.
- Vi som bur i Noreg er utruleg heldige. Vi kan gjere kva vi vil. Det er noko ingen av dei vi møter i stykket kan drøyme om, eingong.

Artikkelen er publisert 28. januar 2026.