Ein amerikansk klassikar – for aller første gong på ein norsk scene.

Det finst skodespel som forandra kva teater kunne vere. Ei rosin i sola er eitt av dei. Då Lorraine Hansberry sette ein svart familie rundt eit kjøkkenbord på Broadway i 1959, hadde publikum aldri sett noko liknande – og amerikansk teater var ikkje det same etterpå.

No kjem stykket til ein norsk scene for første gong nokosinne.

Draumar om framtid

Chicago, 1950-talet. Familien Younger deler ei trong leilegheit, tre generasjonar under same tak. Dei er blant dei millionane afroamerikanarar som har forlate sørstatane og reist nordover, vekk frå segregering og vald, på jakt etter arbeid og eit friare liv. Så blir livsforsikringa etter mor Lena sin avdøde ektemann utbetalt – og med eitt ligg draumen dei knapt har våga å drøyme innan rekkjevidde. Pengane kan endre liva deira, men kva skal dei brukast til?

Kvart familiemedlem ber på sin eigen draum, og dei dreg i kvar si retning. Det som står på spel er større enn pengar. Kva skal dei gjere med alle draumane dei har? Skal dei gi dei opp? Sjå dei skrumpe inn eller tørke ut som ei rosin i sola? Stykket tar for seg tema som bustaddiskriminering, rasisme og assimilering.

Dramatikar Lorraine Hansberry

Hansberry var berre 26 år då ho skreiv stykket, og blei den første svarte kvinna som fekk ei oppsetning på Broadway. Tittelen er henta frå Langston Hughes' dikt Harlem:

Kva skjer med ein draum som blir sett på vent?
Tørkar han ut
Som ei rosin i sola?

Same kraft førte seinare Nina Simone til å skrive To Be Young, Gifted and Black.

Meir enn seksti år seinare er spørsmåla stykket stiller like nære – i Chicago, og i Oslo.

Regissør Josette Bushell-Mingo

Regien er ved Josette Bushell-Mingo, ei av dei mest markante teaterrøystene i Europa.

Bushell-Mingo har arbeidd ved Royal Shakespeare Company, National Theatre og Manchester Royal Exchange, og blei Olivier-nominert for rolla som Rafiki i Løvenes konge på West End. Ho spelte hovudrolla i Nina: A Story about Me and Nina Simone, er utnemnd til Officer of the Order of the British Empire, og har sidan 2005 vore busett i Sverige. Her har ho mellom anna vore kunstnarleg leiar for Tyst Teater, det svenske nasjonale turnéteateret for døve.

NEW YORK - April 1959: Writer and playwright Lorraine Hansberry poses for a portrait in her apartment at 337 Bleecker Street (where she had written the first-ever Broadway play by an African-American woman,

Ung, gåverik og svart

Lorraine Hansberry levde berre i 34 år. Det var nok til å forandre teateret for alltid.

Les meir

Finst det eit før og etter i norsk teater?

Josette Bushell-Mingo, regissøren for Ei rosin i sola, meiner det finst eit "før" og eit "etter" Ei rosin i sola.

Les meir

Finn ut meir