NEW YORK - April 1959: Writer and playwright Lorraine Hansberry poses for a portrait in her apartment at 337 Bleecker Street (where she had written the first-ever Broadway play by an African-American woman,
Bakgrunnsartikkel

Ung, gåverik og svart

Lorraine Hansberry levde berre i 34 år. Det var nok til å forandre teateret for alltid.

Skrive av
Amy Black Ndiaye
Dramaturg

Lorraine Hansberry vart fødd på South Side i Chicago i 1930, svart og kvinne, midt i depresjonen. Sjølv skildra ho det slik at ho kom til verda mellom to verdskrigar, og var tenåring då dei første atombombene fall.

Kampen starta heime. Faren hennar gjekk til sak mot dei såkalla restriktive klausulane som stengde svarte inne i nokre av dei verste ghettoane i USA, og flytta familien inn i eit fiendtleg kvitt nabolag. Ein murstein kom gjennom vindauget og var nær ved å drepe den åtte år gamle Lorraine. På veg til skulen vart ho forbanna og spytta på av ein mobb. Om nettene gjekk mora vakt i huset med ei ladd pistol, medan faren og advokatane i NAACP førte saka heilt til høgsterett. Dei vann, og dommen ber namnet hans.

Som student ved University of Wisconsin sneik ho seg inn på ei prøve av Sean O’Caseys Juno and the Paycock. I klagesongen til ei mor som har mista sonen sin i den irske fridomskampen, kjende ho att noko frå sin eigen barndom, som sirener i natta i Chicago. Ho visste at ho ein dag ville skrive om det same, berre i ein annan toneart.

Harlem

I 1950 slutta ho på universitetet og flytta til Harlem. Ho gjekk i streikevakter og bar møblane til utkasta leigetakarar tilbake inn i husa deira. Ho studerte afrikansk historie hos W.E.B. Du Bois og arbeidde som journalist i Paul Robesons radikale avis Freedom. På ei streikevakt mot diskriminering ved New York University møtte ho Robert Nemiroff, og dei gifta seg i 1953. Ho var også nær venninne av Nina Simone, og ei av dei som fekk Simone til å sjå musikken sin som ein del av kampen.

Ein dag i 1957 vart ho så lei av manuset ho skreiv på, at ho kasta sidene i taket og så i papirkorga. Nemiroff samla dei opp, la dei bort og fekk ho tolmodig i gang igjen. Manuset var A Raisin in the Sun.

Familien Younger i Ei rosin i sola på Det Norske Teatret. Foto: Birgit Solhaug.

Ei dør som opna seg

Stykket hadde premiere på Broadway i mars 1959. Som 29-åring vart Lorraine den første svarte dramatikaren, og den yngste amerikanaren, som vann prisen for årets beste stykke frå New York Drama Critics’ Circle. James Baldwin oppsummerte det slik: Aldri før i amerikansk teaterhistorie hadde så mykje av sanninga om svarte liv vore vist på ei scene.

Stykket skapte eit nytt svart teaterpublikum og opna ei dør for ein heil generasjon svarte kunstnarar, frå Sidney Poitier og Ruby Dee til Lloyd Richards, den første svarte regissøren på Broadway.

For første gong på ei scene stod ein afrikansk student, Asagai, og snakka om Afrikas komande frigjering. For første gong såg publikum naturleg hår og afrikanske klede i ein ghetto i Chicago. Den unge dottera Beneatha gjekk til åtak på tanken om å assimilere seg inn i ein undertrykkjande kultur, og tok samstundes til orde for kvinners frigjering. Stykket peika fram mot det svarte medvitsopprøret på 1960-talet, lenge før publikum var klar for det.

Filmen A Raisin in the Sun kom i 1961. Han er regissert av Daniel Petrie. Rolla som Walter Young blei spelt av Sidney Poitier.

Aldri før i amerikansk teaterhistorie hadde så mykje av sanninga om svarte liv vore vist på ei scene.

James Baldwin

Arven

Lorraine Hansberry døydde av kreft 12. januar 1965, 34 år gammal, medan hennar andre stykke, The Sign in Sidney Brustein’s Window, gjekk på Broadway. I gravferda song Paul Robeson, og Malcolm X sat på ein av dei bakarste benkene. Martin Luther King sende ei helsing der han kalla ho ein inspirasjon for «generasjonar som enno ikkje er fødde».

Fire år seinare vart framsyninga To Be Young, Gifted and Black, sett saman av hennar eigne ord, den lengst spelande off-Broadway-framsyninga det året. Nina Simone gjorde tittelen om til ein song til minne om venninna si, og uttrykket har sidan gått inn i språket.

Vi er dei generasjonane King snakka om. Sekstisju år etter premieren på Broadway blir Ei rosin i sola spela på ei norsk scene for første gong, på nynorsk og med eit svart ensemble. Det Lorraine gjorde i 1959, var å opne ei dør. No går vi gjennom ho på Det Norske Teatret. Kvar replikk på nynorsk og kvar svart skodespelar på scena er ein del av arven hennar, og eit bevis på at ho hadde rett:
Draumen vart utsett, men han tørka ikkje inn.