Bakgrunnsartikkel

Finst det eit før og etter i norsk teater?

Det går eit rykte på teateret om den britiske regissøren Josette Bushell-Mingo, som seier at det kjem til å bli eit før og eit etter Ei rosin i sola. Den amerikanske klassikaren er no klar for eit norsk publikum, nesten 70 år etter uroppføringa på Broadway.

Skrive av
Amy Black Ndiaye
Dramaturg

Før eg møter Josette, går det rykte i teateret om denne britiske regissøren som seier at det kjem til å bli eit før og eit etter Ei rosin i sola. Ho snakkar rett ut om at det som er i ferd med å skje, kjem til å endre teateret. Folk er delte. Nokre trur ho overdriv. Andre meiner ho tek feil. Og dei som ser ut som meg, meiner ho har heilt rett.

Nokre gonger i livet møter ein menneske ein kjenner seg heime hos med ein gong. Josette er eit slikt menneske. Ho er som mor mi, far min, syster mi, bror min. Det kjennest trygt, og samtidig kjenner eg den same sunne frykta som eg alltid har når eg skal møte slekta mi på farssida, den afrikanske respekten for dei eldre. Ho snakkar med ein visdom og ei tyngd, og raskt forstår eg at eg aldri har hatt eit forbilde. Nokon som driv på med det same som meg som eg kan sjå opp til.

Kva er før, og kva er etter?

Ei rosin i sola er skrive ut frå eit svart perspektiv, forklarer Josette, og det tvingar eit teater til å stille spørsmål ved seg sjølv.
– Kvifor vart svarte menneske jakta på, mishandla og drepne under borgarrettskampen? Kvifor hadde dei ikkje arbeid og utdanning? Kva var strukturane som gjorde det? Ein institusjon må også spørje seg om sin eigen arv, som i hovudsak kvit. Det gjeld i alle land eg kjem til, anten det er Noreg, Sverige eller Storbritannia.

- Ein institusjon må også spørje seg om sin eigen arv, som i hovudsak kvit.

Frå uroppføringa av A Raisin in the Sun på The Barrymore Theatre. Louis Gossett (George Murchison), Ruby Dee (Ruth Younger) og Sidney Poitier (Walter Younger). Alle spelte også desse rollene i filmen frå 1961. Foto: Friedman-Abeles, New York, via Wikimedia Commons.

– Før trudde du kanskje at du forstod kva stort svart teater var. Etter kan du ikkje nekte for at det finst tusenvis av ikoniske afrikanske historier som kan røre alle. Og vi har ikkje sett dei opp. Gjer du det likevel, er det med vilje.
For skodespelarane handlar etter om noko anna.
– Om å vere i eit rom saman utan å bli stirt på eller sett på som annleis. Eit rom der håret ditt, sminka di, kleda dine og teksten din, alt, lener seg mot deg. Då kan dei berre gjere jobben sin. Dei treng ikkje forhandle om noko. Og når du først har vore der, er det svært vanskeleg å gå tilbake.

– Om å vere i eit rom saman utan å bli stirt på eller sett på som annleis.

Jenta som sprang

Kvar kjem denne krafta frå? Når eg spør Josette om ho fann teateret, eller om teateret fann ho, er ho ikkje i tvil.
– Teateret fann meg. Eg vaks opp i East End i London. Mor mi var sjukepleiar, far min bussjåfør, og dei var ikkje saman. Det var mor som tok seg av fire døtrer. Vi levde i stor fattigdom, og det var eit hus der det vart slege. Kunsten var ein måte å kome seg unna på. Det er ein grunn til at eg kunne springe så fort.

- Kunsten var ein måte å kome seg unna på.

Ho var idrettsjente, og ho sprang i alle sjangrar. Som sjuåring sette ho opp sitt første stykke, ein versjon av «The Owl and the Pussy-cat», med heimelaga maske og båt. Ho inviterte ungane til naboane heim, henta dei gamle kleda til mor ut av garasjen og kledde dei ut til skodespel. Som tenåring sende ho dikt til poesiforeiningar som trudde dei korresponderte med ei vaksen kvinne.

– Då dei endeleg samla oss, kom det inn ei lita jente: «Hei, eg heiter Josette.»
Ho vaks opp i ei tid då lærarane faktisk såg elevane sine, seier ho. For ikkje lenge sidan stod ein av dei gamle lærarane hennar på døra med fotografi av ho som 13-åring.
– Han sa: «Du hugsar meg ikkje, gjer du? Vi såg deg, Josette. Vi er så stolte av deg.»

Kroppen som veg inn

Som 18-åring fekk Josette studieplass ved eit universitet. Ho sa nei og reiste ut på turné med teaterkompani i staden. Ho skolerte seg i fysisk teater hos Lecoq, Gaulier og Monika Pagneux, og kompania ho spela i, leidde workshopar for publikum etter kvar framsyning. Der lærte ho å halde rom.
– Rommet er heilagt. Det lærte eg tidleg. Du vaskar rommet når du kjem inn, og du vaskar det når du går. Du går ikkje inn og set frå deg koppane dine overalt.

- «Å, det kan du ikkje spele.»

Ho vart ei av få svarte fysiske skodespelarinner i England, og fekk spele store roller: Kleopatra, alle kvinnene i Peer Gynt, Julie i Romeo og Julie.
– Hudfargen min stoppa meg ikkje, men det var fordi eg ikkje hadde kome inn i hovudstraumen enno. Då eg kom til Royal Shakespeare Company, vart det plutseleg: «Å, det kan du ikkje spele.»

På eit bilete av 96 skodespelarar samla i Globe er ho den einaste svarte skodespelarinna.
– Det finst svarte skodespelarar som er betre enn meg. Kvar var dei? Eg fann fellesskap fort, teaterfolk frå heile verda, italienarar, japanarar, men det er først når du kjem inn i institusjonane at du ser det: Det er berre meg her. Derfor er det så viktig for meg å gje vidare tilliten og kjærleiken.

Elva

Det var kjærleiken som førte ho til Sverige. Frå 2005 var ho kunstnarleg leiar for Tyst teater, det nasjonale teiknspråkteateret ved Riksteatern, i tolv år. Ho understrekar at ho snakkar som høyrande alliert, ikkje ut frå døv erfaring. Men det var der alt kom saman: det fysiske teateret, idretten og måten hjernen hennar handsamar språk på.
– Leiing og regi er éin og same ting. Det handlar om å halde rom, anten det er for éin person eller for mange.

- Eg har ingenting å tape.

Når eg spør kvar visdomen hennar kjem frå, seier ho at ho ikkje veit om det er visdom.
– Kanskje heller sanning. Eg har ingenting å tape. Eg er ikkje her for ein jobb, for gode meldingar eller for å vinne vener. Eg er her for å gjere ein jobb som gjer folk heile. Og eg ser meg sjølv i den store elva av kreativitet, saman med dei som gjekk før meg: Nina Simone, Winsome Pinnock, mor mi, alle som har ofra så mykje for at eg skal kunne stå her.

Seks stykke på éi veke

I Sverige var Josette også med på å grunnleggje TRYCK, ein medlemsorganisasjon for kulturarbeidarar frå den afrikanske diasporaen.
– Eg la merke til at vi ikkje hadde eit svart teaterkompani, og at vi ikkje sette opp stykka. Dei var ikkje ein gong kjende. Så eg samla alle i TRYCK, og vi las seks stykke på éi veke. Folk gret og lo, og ut av det kunne eg sjå eit ensemble ta form. Eg spurde kva dei ville gjere, og alle sa A Raisin in the Sun.

Filmplakaten frå originalfilmen frå 1961. A Raisin in the Sun har seinare blitt filmatisert fleire gonger.

Det tok nesten eitt år å overtyde den dåverande kunstnarlege leiaren. Han var usikker på kvar det svarte publikummet skulle kome frå.
– Han skjøna det ikkje. Dette er for alt publikum.
Det får meg til å tenkje på Lorraine og kva ho må ha stått i. Kor hardt ho må ha kjempa for i det heile å få stykket sitt sett opp på Broadway. Er det ikkje absurd at vi nesten 70 år seinare står her, i vogga til sosialdemokratiet, og må kjempe for å få sett opp ein klassikar? Eg tenkjer på essayet James Baldwin skreiv om Lorraine. Han skildrar ein kveld i Philadelphia i 1959, i starten av den utrulege ferda til stykket, då han heldt handveska hennar medan ho signerte autografar og møtte publikummet sitt. Og no, etter alt vi har sett og lært, har vi framleis ikkje lært nok.

Medan leiaren framleis vurderte, las ensemblet stykket for skuleelevar.
– Vi sat berre ved eit bord og las, og elevane buia, pipa, jubla og ylte. Det var utruleg.
Framsyninga vart den mest selde og lengst spelande i historia til Riksteatern, og ensemblet reiste med ho til USA. Der vart framsyninga teken vare på i eit arkiv for svart teaterhistorie. Det same skal skje med oppsetjinga i Oslo: Programmet, notat, fotografi og filmopptak skal arkiverast ved sida av den svenske.

Kva må til?

Når eg spør korleis vi kan byggje tryggleik og fellesskap for svarte kunstnarar i Noreg, svarer Josette med kunnskap.
– Eg kunne kome tilbake og halde ein todagarsworkshop om klassisk svart teater, slik at dei svarte skodespelarane kan seie: Å, det er dette. For det er same tilnærming som til alle andre klassikarar.

Det andre er regissørane institusjonane hentar inn.
– Korleis held dei rom? Vi har begge sett det gå gale, når nokon knuser ein skodespelar med éin einaste kommentar.
Det tredje er samtalane.
– Samtalar i huset som går heile tida, ikkje eingongssamtalar. Du kan endre ein kultur på 24 timar. Du kan velje det.
Og så må det vere lov for svarte å samle seg.
– Når det er to eller tre av oss saman, trur folk det er opprør på gang. Men det er ikkje noko negativt.

- Du kan endre ein kultur på 24 timar. Du kan velje det.

Sidan 2021 har Josette vore rektor ved Royal Central School of Speech and Drama i London. Der finst det ei jødisk studentforeining som samlast kvar fredag til sabbat, ei svart studentforeining, ei skeiv foreining og ei gruppe for nevrodivergente.
– Når den gruppa samlast, seier eg: I 40 minutt er eg ikkje rektor. Og så snakkar vi saman om korleis vi har det.

Det siste rådet hennar er det enklaste:
– Gjer stykka.

Ein menneskerett

Det kunsten har gjeve ho, har overtydd ho om at det å skape er ein menneskerett.
– Å bli fråteken den er eit brotsverk mot menneskeslekta. Draumen min er å få tre minutt i FN og fortelje verda kva som skjer når du nektar folk den retten.

Kjærleik og krav

Overfor skodespelarane held Josette to linjer samtidig.
– Til dei svarte skodespelarane mine seier eg: Eg ser deg, og eg er glad i deg. Eg kan ikkje førestille meg korleis det er for deg. Men parallelt med det: Dette er den du må vere for å gjere handverket ditt, og det spelar inga rolle kvar du kjem frå eller om du er utdanna. At du er svart, kan vere ein grunn. Det kan aldri vere ei unnskyldning. Men du må kjenne deg trygg for å kunne gjere det.

Løna er å sjå dei vekse.
– Når ein skodespelar plutseleg skjønar det og seier «det var det, var det ikkje?» Det finst ingen kontrakt og inga lønn for det. Dei blir heile.
Og så kjem sinnet.
– Det gjer meg så sint at så mange ikkje får den moglegheita. Ein av skodespelarane våre sa at det var første gong ho arbeidde med dører og stolar på ei scene, første gong ho skulle halde ein kopp. Svolten er så tydeleg at det er nesten umogleg å ignorere.

– Det gjer meg så sint at så mange ikkje får den moglegheita.

Det går opp for meg at om du har ein kropp som ikkje er kvit, er det ofte i moderniserte klassikarar du får plass på scena. Og at det i dette stykket er første gong ein får lov til å spele noko beint fram, noko som ikkje er abstrakt. Noko vanleg, normalt. Ein familie. Det er absurd å tenkje på.
– Vi får delar av det. Vi er fine i det moderne. Men ingenting om historia vår. Og når det endeleg skjer, sit skodespelarane på scena og tenkjer: Eg er i eit hus. Eg er eit verkeleg menneske, ikkje eit abstrakt minne eller eit symbol.

Vi var aldri aleine

– Den strukturelle rasismen vil halde oss åtskilde. Dei får oss til å tru at vi er aleine. Vi var aldri aleine. Det er derfor vi i England seier global majoritet. Vi er ikkje ein minoritet.
Ho fortel om ein gong ensemblet spela scener frå stykket på Verdsteaterdagen. I spørjerunden etterpå reiste ei kvinne seg og sa at ho var i slekt med Emmett Till, og takka for det dei gjorde.
– Arbeidet tek oss heilt dit, og så ut igjen, over det afrikanske kontinentet, inn i diasporaen og over heile Norden.

Landskapet

Josette har ADHD og dysleksi, og fekk diagnosen seint.
– Det kom ein periode med sorg over den eg kunne ha vore. Men så tenkte eg: Sjå kven eg er, trass i det. No kan eg gjere det skikkeleg.
Ho skildrar hjernen sin som eit landskap som opnar seg medan ho går.
– Eg ser langt fram og langt bak, men den einaste staden eg er, er her. Eg ser verda gjennom fire–fem filmar lagde oppå kvarandre. Det er derfor eg kan arrangere ni kroppar som rører seg samtidig på scena. Jazzsongarar kan berre improvisere når dei kan songen.
Ho er 62 år og seier ho blir meir barnsleg jo eldre ho blir.
– Eg får meir glede av det. Eg tenkjer på den vesle jenta i skulegarden som spring, og så tenkjer eg: No held dei endeleg følgje med meg.
Når eg spør kvar heime er, når ho reiser så mykje, svarar ho:
– Her er eg aleine, men ikkje einsam. Heime er meg. Eg er min eigen heim.

Fri

Etter ei veke med Josette og teksten til Lorraine Hansberry slår det meg at dette er noko eg aldri har opplevd før. Og eg tek meg sjølv i å lure på kven eg kunne ha vore om dette ikkje skjedde i 2026, men i 2006.
Eg er 36 år, og for første gong er eg i eit rom der eg plutseleg forstår kor mykje eg har måtta tenkje på mi eiga svartheit, og der eg brått kan sleppe det. Fram til no har romma eg har vore i, vore rom styrt og sett gjennom eit kvitt filter. No forstår eg at vi høyrer til ei heil historie som er mykje eldre enn vi har trudd, og at vi er ein del av den globale majoriteten.
Når eg spør Josette korleis liva våre ville ha sett ut om historiene våre var ein del av det kollektive medvitet, svarar ho med eitt ord:
– Fri.

Draumen hennar er at klassikarane frå den afrikanske diasporaen skal vere like sjølvsagde som Shakespeare. At eit institusjonsteater som Det Norske Teatret vel å setje opp Ei rosin i sola, er historisk og banebrytande på alle måtar, og mykje av det er takk vere teatersjef Kjersti Horn.
Josette har rett i at det finst eit før og eit etter. For min del blir det eit før eg møtte Josette, og eit etter. Og alt eg kan seie, er: Gled dykk. To be young, gifted and black. Vel, eg er kanskje ikkje så ung lenger. Men eg er definitivt gifted, og Black er mellomnamnet mitt.

NEW YORK - April 1959: Writer and playwright Lorraine Hansberry poses for a portrait in her apartment at 337 Bleecker Street (where she had written the first-ever Broadway play by an African-American woman,

Dramatikar Lorraine Hansberry blei sjølv berre 35 år, men sette eit stort avtrykk. Foto: David Attie/Getty Images.