Billett­informasjon

Våre prisar og rabattar

Ordinærpris varierer frå oppsetjing til oppsetjing. Prisane finn du på sida der framsyninga er presentert. Rabatterte prisar er synlege når du har valt dato og framsyning. Du må sjølv passe på at kvar plass får korrekt pris.
Du er sjølv ansvarleg for å velje rett framsyning, dato og evt. rabattar.
Det er berre via billettluka vår og på detnorsketeatret.no at du kan kjøpe billettar til framsyningane våre.

Rabattar gjeld ordinære framsyningar alle vekedagar. Ved gjestespel og familieframsyningar kan andre reglar gjelde. Hugs å ta med relevant legitimasjon/medlemskort til framsyninga.

Grupper får rundt 20 % rabatt på billettar med ordinær pris, ved kjøp av minimum 20 billettar. Vi gjer merksam på at billettar med grupperabatt må betalast samla. Kontakt billettluka for å bestille billettar med grupperabatt.

Yngda er ein gratis medlemskap for unge mellom 18 og 28 år.
Medlemskapen gir teaterbillett til kr 170,-/200,- på ordinære framsyningar, møte på scenekanten og andre eksklusive fordelar. Medlemskapen er personleg og kan nyttast ved billettkjøp på nettsida vår. På utvalde framsyningar kan prisen på billett med Yngda-rabatt vere høgare.

Barn til og med 18 år får barnepris på dei fleste framsyningar.

Studentar/elevar får studentpris på dei fleste framsyningar, mot å syne gyldig studiebevis. Elevgrupper i regi av skolen (min. 10 personar) får spesialpris på dei fleste framsyningane. Kontakt skoleansvarleg på e-post undervisning(@)detnorsketeatret.no for informasjon og gruppebestilling. Studentbevis gjeld til og med 35 år.

Honnør Personar over 67 år eller personar med trygdekort får billett til honnørpris på dei fleste framsyningar. Gyldig legitimasjon må framvisast. Meld i frå til billettluka om du har spesielle behov.

Særlege behov
Vi har eit begrensa tal på rullestolplassar. Kontakt billettluka vår om du har særlege behov. Det er trappefri adkomst til rad 15 på Hovudscenen, rad 2 på Scene 2, rad 1 på Scene 3 og rad 1 på Rommen Scene. På Hovudscenen, Scene 2 og Scene 3 må ein nytte heis for å komme til salane.

Ledsagerbevis Ordninga med følgjekort (ledsagerbevis) gjeld ved Det Norske Teatret. Kontakt billettluka vår på tlf. 22 42 43 44 om du har særlege behov eller skal bestille billettar med ledsagerbevis.

Scenekortbillettar kan du kjøpe på nett. Du fin rabatten i nedtrekkmenyen i handlekorga.

OBOS-rabatt OBOS-medlemmar får om lag 20 % rabatt på 2 billettar per medlemskap til alle ordinære framsyningar. OBOS-rabatt gjeld ikkje på gjestespel. Hugs å ta med medlemskortet eller app i teateret. Når OBOS reserverer ein heil sal, kan andre reglar gjelde.

Venner av Det Norske Teatret har omlag 30 % rabatt på to billettar til alle ordinære framsyningar. Ved gjestespel kan det gjelde andre reglar.

Kjøp ei heil framsyning Ved kjøp av alle billettane til ei framsyning gir vi rabatt. Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga på telefon 22 47 38 00 for meir informasjon.

Byte av billettar Kontakt billettluka på telefon 22 42 43 44. Bytegebyr er kr 100 per transaksjon (per ordrenummer, ikkje per billett). Billettar må bytast seinast dagen før framsyninga og du kan berre byte til ein annan dato eller til ein tilgodelapp. Kjøper du billettar i julegåve, er det ikkje bytegebyr i januar.
Dersom du har kjøpt billettar til rabattert pris i eit tidsavgrensa tilbod, kan du dessverre ikkje byte til billettar med rabattert pris til andre datoar.

Gåvekort Du kan kjøpe gåvekort i billettluka og på nettsida vår. Du bestemmer sjølv kva sum du ønskjer å gi. Gåvekortet gjeld i 2 år og kan også brukast som betaling i billettluka og på nettsidene våre.

Kjøpsvilkår

For å kjøpe billettar til Det Norske Teatret via heimesidene våre, må du vere registrert som brukar.

Personopplysningar du gir oss blir handsama i tråd med GDPR og gjeldande norsk lov om personvern og innsynsrett. Du redigerer sjølv opplysningane.
Kjøpet er gjennomført når betalinga er registrert. Du får da ei stadfesting på skjermen og i løpet av få minutt får du ei kvittering også på e-post. Du finn bestillingane dine inne på Mi side.

Det er berre mogleg å kjøpe billettar til våre framsyningar via vår billettluke eller detnorsketeatret.no.

Nettsal og tryggleik
Det Norske Teatret nyttar programmet Tixly til å selje billettar. Sjølve betalingstransaksjonen blir handsama av betalingsleverandøren Nets Easy. Opplysningane dine blir krypterte ved hjelp av SSL (Secure Sockets Layer) og 3D-Secure og følgjer bankanes krav til tryggleik. Du kan bruke VISA, Eurocard/MasterCard, Vipps og teaterets eige gåvekort.

Refusjon og byte
Kjøpte billettar blir berre refunderte ved avlysing eller endringar i speleplanen. Vi refunderer ikkje reise, opphald mm. Angreretten ved fjernsal og kjøp utanom fast utsalsstad gjeld ikkje for teaterbillettar (jf. angrerettslova § 22.)
Angreretten på 14 dagar frå kjøpsdato gjeld derimot på gåvekort som er kjøpt på nettet, jf. angrerettslova paragraf 21.
Du kan byte billettar mot eit transaksjonsgebyr på kr 100. Billettar må bytast seinast dagen før framsyninga og du kan byte til ein annan dato eller til eit gåvekort. Ring billettluka for å byte billettane dine - du når oss på 22 42 43 44.
Kjøper du billettar i julegåve, er det ikkje bytegebyr i januar.
Dersom du har kjøpt billettar til rabattert pris i eit tidsavgrensa tilbod, kan du dessverre ikkje byte til billettar med rabattert pris til andre datoar.

Mista billett
Har du mista billetten din, kan vi finne han igjen så lenge du har registrert kven som har kjøpt han med namn og/eller telefonnummer. Har du kjøpt på nettsida vår kan du logge deg inn på Mi side og finne bestillinga di der.

Prisar og rabattar
Prisar og evt. rabattar vil liggje tilgjengeleg under kvar framsyning. Du er sjølv ansvarleg for å velje riktige rabattar når du kjøper billettar. Vi refunderer dessverre ikkje mellomlegg om du har kjøpt billettar med feil pris.

Billettar blir kontrollerte ved inngangen til framsyninga, og dørene stenger presis.
Er billettar kjøpt med personavhengig rabatt (t.d. student, honnør eller ulike former for medlemskap) skal gyldig legitimasjon bli vist saman med billetten ved inngangen til salen. Utan slik legitimering må ein betale mellomlegg til full pris i billettluka.

Personvern
Nettsalet til Det Norske Teatret følgjer dei til kvar tid gjeldande reglane og norsk lov om personvern. Vi lagrar ikkje sensitive opplysningar, berre informasjon som er relevant for å oppfylle pliktene våre overfor deg som vår kunde.

Lov 2000-04-14 nr. 31: personopplysningslova: Kap III 18 gir deg rett til innsyn i dei opplysningane vi har lagra om deg. Kontakt oss på hei@detnorsketeatret.no dersom du ønskjer innsyn i våre opplysningar om deg. Les meir om personvernerklæringa vår her.

Registrering
For å sikre god service og korrekt oppfølging av kjøp, lagrar vi følgjande opplysningar om kunden:

  • Namn
  • Telefonnummer
  • e-postadresse (blir brukt som brukarnamn ved innlogging).
  • Postadresse (viss du vil ha billettane sendt heim)

I tillegg opplysningar som vedkjem kjøpet hos oss, til dømes framsyningsdato, opplysningar om plassar, tal på billettar, pris, rabatt, betalings- og leveringsmåte osb.

Du kan velje om du vil ta imot annan informasjon og tilbod om framtidige framsyningar hos oss basert på tidlegare kjøp. Du vil da kunne få kampanjekodar som kan gi spesielle tilbod.

Det er to alternative kommunikasjonsformer og du må gjerne velje begge (e-post eller SMS). I kva form tilboda blir sende, vil variere frå gong til gong.
Dette er sjølvsagt heilt frivillig, og du kan redigere desse opplysningane sjølv.

MI SIDE kan du også endre og oppdatere opplysningar dersom du t.d. flyttar eller får nytt telefon-/mobilnummer. Opplysningar blir ikkje delte med tredjepart!

Har du spørsmål om dette kontakt hei@detnorsketeatret.no

Anna
Vi tek atterhald om endring av seteplassering innanfor same prisnivå eller flytte til ein annan kategori. Da utbetalar vi ein eventuell mellomlegg. Dette vil berre vere unntaksvis t.d. ved filming eller liknande, og du vil få melding i god tid.
Du er sjølv ansvarleg for å velje rett framsyning, dato og evt. rabattar.