Yngda er for deg som er ung og interessert i teater.
Medlemskapen gjeld frå fylte 18 år og ut året du fyller 28 år.
Yngda-billettar må kjøpast på nett og medlemskapen er personleg.
Som medlem av Yngda kan du:
• Sjå framsyningane til Det Norske Teatret for berre 160,-/170,- (På utvalde framsyningar kan prisen på billett med Yngda-rabatt vere høgare.)
• Få invitasjonar til Yngda-arrangement og spesialprisar i baren
• Få gode tilbod og informasjon om det som skjer på og bak scenen
Medlemskapen er gratis og du kan når som helst melde deg ut. Vi kommuniserer vanlegvis via epost eller SMS og ved å melde deg inn gir du oss samtykke til å sende deg tilbod og informasjon. Blir du med i Facebook-gruppa "Yngda – for deg mellom 18-28 år" vil du enkelt kunne halde deg oppdatert på det som skjer.
Første gongen du registrerer deg og ved kjøp av billett på nett, må du vise legitimasjon i billettluka vår før du kan hente ut billettane.
Hugs å logge inn med brukarnamn og passord først, så vil billettar med ordinærpris automatisk få spesialpris for medlemer når du har lagt dei i handlekorga.
Vil du vite meir? Kontakt oss på SoMe eller send ein e-post til yngda@detnorsketeatret.no
Det er berre mogleg å kjøpe/ha eit medlemskap pr. person.
