Gi elevane ei teateroppleving!

Det skal vere enkelt for deg som lærar å ta elevane med på teater. Velkommen til Det Norske Teatret!

Det Norske Teatret ønskjer å vere eit godt alternativ for lærarar og skolar som vil ta elevane med på teater. Vi har framsyningar som passar for alle alderstrinn, anten det er ei gruppe på 15 eller 500.

For skolegrupper har vi sterkt reduserte prisar på alle framsyningane våre. Prisen for ein elevbillett er mellom 170-220 kr, avhengig av framsyning. Det er alltid ein fribillett til lærar per 15. elevbillett.

Om du er ein lærar som ønskjer å halde deg oppdatert på skoletilbodet til Det Norske Teatret? Bli teaterkontakt for skole. HER finn du meir informasjon om det.

Har du spørsmål eller ønskjer å bestille billettar? Ta direkte kontakt med formidlingsansvarleg, Erlend Tårnesvik Dreiås, eller kontakt billettluka på telefon 22 42 43 44.

Haugtussa
Haugtussa
Hans og Grete
Hans og Grete
Frost
Frost
Er mikrofonen min på?
Er mikrofonen min på?