Venner av Det Norske Teatret

Venner av Det Norske Teatret blei skipa i 1946. Lagets føremål er å fremje interessa for Det Norske Teatret.

Verksemda til Vennelaget

Som medlem får du invitasjon til ulike arrangement i Vennelaget, med foredrag, informasjon om framsyningane og kunstnarlege innslag. Du kan delta på dei populære kultur- og teaterturane som Vennelaget arrangerer. Dei går til andre teater, spel, konsertar og besøk i kunstnarheimar og kulturinstitusjonar i inn- og utland. Vennelaget yter økonomisk stønad til ulike einskilde prosjekt ved Det Norske Teatret, og deler årleg ut stipend til kunstnarar og andre tilsette ved teateret. Mange av måleria på veggen i foajeen er gåver frå Vennelaget.

Billettar med rabatt

Som medlem får du 30% rabatt på 2 billettar til alle ordinære framsyningar (ved gjestespel kan andre reglar gjelde).
Medlemsprisar og arrangement eksklusivt for medlemmar er berre tilgjengelege på nettsida når ein loggar inn før ein legg noko i handlekorga og ein har gyldig kontingent.

Bli medlem

Du kan melde deg som nytt medlem ved å klikke på lenka over, eller i billettluka på teateret. Når du har lagt medlemsskapen i handlekorga og gjennomført handelen får du tilgang til 2 billettar til medlemspris pr. framsyning. Du registrerer deg som kunde, om du ikkje alt har kundeprofil.
Det er berre mogleg å ha eit medlemsskap pr. person.

Evt. spørsmål til e-post: hei(@)detnorsketeatret.no