Vanlege spørsmål

Eg finn ikkje bestillinga mi når eg loggar inn på Mi side. Kva er feil?

Om du har fått bestillingsnummeret ditt i ein e-post som stadfester at betalinga har gått gjennom, men likevel ikkje finn billettane, kan det skuldast at du har fleire profilar med den same e-postadressa. Kontakt oss på hei@detnorsketeatret.no, så hjelper vi deg.

Eg finn ikkje billettane i innboksen min. Kan de sende dei til meg på nytt?

Avsendar står som billett(@)detnorsketeatret.no med "Det Norske Teatret stadfesting" i emnefeltet. Om du ikkje finn billettane i innboksen din, bør du sjekke søppelposten – nokre gonger hamnar billettane der. Ligg ikkje billettane der heller, kan du kontakte billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller sende e-post til hei@detnorsketeatret.no.

Kan eg ha e-billetten min på mobilen?

Du kan ha e-billetten på mobilen når du viser han i døra inn til salen.

Kor får eg kjøpt gåvekort?

På telefon, på heimesida vår og direkte i billettluka.

Kor mange billettar kan eg kjøpe per OBOS-kort?

Du får to billettar til redusert pris med OBOS-rabatt.

Kor tidleg må eg vere ute for å hente billettane før framsyning?

Er billettane betalte har du ingen hentefrist, men vi tilrår at du er her om lag 15-20 minutt før framsyninga, sidan det kan vere ein del kø i billettluka. Billettane ligg på namn/tlf.nr.

Er det redusert pris på billettkjøp rett før framsyning?

Nei.

Kan eg bestille billettar med scenekort på nett?

Ja, scenekortbillettar kan du kjøpe på nett. Du fin rabatten i nedtrekkmenyen i handlekorga.

Kan eg bestille billettar med ledsagerbevis på nett?

Nei, du må bestille billettar med ledsagerbevis over telefon eller direkte i billettluka.

Kan eg bestille billettar med rullestolplass på nett?

Nei, rullestolplass bestiller du over telefon eller direkte i billettluka.
Det er trappefri tilkomst til rad 15 på Hovudscenen, rad 2 på Scene 2, rad 1 på Scene 3 og rad 1 på Rommen Scene.

Finst det HC-parkeringsplass hos dykk?

Ja, på andre sida av gata er det HC-parkeringsplassar, pluss at det finst plassar i Sentrum parkeringshus.

Kan eg reservere billettar?

Ja, du kan reservere billettar i ei veke frå den dagen du bestiller. Er det mindre enn ei veke til, må billettane betalast seinast dagen før framsyninga.

Kor lenge varer framsyninga?

Dette varierer frå framsyning til framsyning, og du finn informasjonen på den enkelte framsyningssida rett under hovudtittelen øvst på sida. Ofte veit vi ikkje kor lang ei framsyning blir før ho har hatt premiere.

Eg er honnør. Får mannen min også honnørrabatt da?

Nei, honnørrabatten er personleg.

Eg har gløymt att noko på teateret. Kven skal eg kontakte?

Send ein e-post til hei@detnorsketeatret.no eller ring billettluka, så kan vi i sjekke om vi har funne det du har gløymt.

Har de teleslynge eller IR-anlegg?

Det Norske Teatret har ikkje teleslynge.
Vi har IR-anlegg på alle scenane våre. IR-anlegg er eit alternativ til teleslynge, ofte brukt i lokale der det er mykje elektromagnetisk forstyrring, til dømes frå elektriske gitarar eller lysstoffrøyr.
Du kan låne ein sendar med høyretelefonar hos oss når du kjem i teateret. Ta kontakt med publikumsvertane våre i foajéen. Merk at vi har avgrensa tal på sendarar til utlån.
Har du spørsmål om IR-anlegg kan du kontakte oss på hei@detnorsketeatret.no eller ringe billettluka på 22 42 43 44.