Gruppebestilling

Ved kjøp av 20 billettar eller fleire kan du gjere ei gruppebestilling. Vi kan tilby om lag 20 % rabatt til alle ordinære framsyningar.

Du kan kjøpe gruppebillettar via epost til gruppe(@)detnorsketeatret.no eller i billettluka, tlf. 22 42 43 44

Kjøper de ei heil framsyning med 120, 200 eller 720 plassar får de ein liten rabatt i tillegg og de kan setje dykkar eige preg på kvelden.

Bli gruppekontakt

Gruppekontakt er eit servicetilbod for dei som ønskjer oppfølging i samband med gruppebestillingar. Som gruppekontakt har du personleg kontakt med teateret og ordninga gjeld ved samla bestilling og betaling av 20 billettar eller fleire.

Som gruppekontakt får du:

- Fortløpande informasjon om teateret per e-post. Sjå også nettsida vår for oppdatert informasjon.
- Personleg kontakt for gruppebestilling og oppfølging.
- Tilrettelegging om du ønskjer meir enn framsyning, til dømes lett servering eller middag i Løve Restaurant & Bar i forkant av framsyninga, eller ei omvising på teateret.
- Invitasjon til prøveframsyningar i forkant av nye premierar, slik at du kan halde deg oppdatert om repertoaret.

Meld deg på via skjemaet under, så tek vi kontakt med deg.

Ønskjer de å leie selskapslokale?

For grupper har vi flotte selskapslokale som kan nyttast både før og etter framsyninga. Ønskjer de som gruppe bevertning i pausen kan de enkelt bestille det hos Løve Restaurant & Bar tlf. 22 47 38 94 eller direkte i baren før framsyning.