Christian Ruud Kallum
Om Mattis, Moss og vegen til scenen
Heilt sidan han var ein liten og sjenert gut i Moss, har Christian Ruud Kallum visst at han skulle bli skodespelar. Men han trudde aldri at han skulle få bruk for nynorsken han lærte på skolen. No er han fast tilsett skodespelar på Det Norske Teatret, for tida aktuell i den enorme rolla som Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas.
I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Christian om vegen frå sjenert observatør til hovudrolleinnehavar, om korleis han puggar replikkar ved hjelp av sirleg handskrift, og han tar oss med inn i prøvesalen og prosessen med å skape karakteren Mattis og framsyninga Fuglane. Vi snakkar også om mossedialekta, om løyndommane i språket og om det å skulle spele ein karakter som alle elskar frå ein roman og ei teaterframsyning som gjekk for 25 år sidan.
Lytt til episoden med Christian Ruud Kallum.
Are Kalvø
Om parodi, popmusikk og vulgær nynorsk
Han er ein av verdas mest kjente nynorskbrukarar og har fått omtrent alle nynorskprisane som finst. Men kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når han som er kjent som Noregs 57. morosamaste mann, forfattar og satirikar gjestar Språkoppdraget.
Vi snakkar om nynorsk som humorspråk og kvardagsspråk, om inspirasjonen frå populærmusikken, og om kvifor Are Kalvø ofte vandrar rundt i byen og snakkar med seg sjølv. Og vi tar eit tilbakeblikk til arbeidet hans med å omsetje det mildt sagt friske amerikanske originalmanuset på The Book of Mormon til norsk, og sjekkar om Are Kalvø har funne meininga med livet på toppen av VG-lista. Alt dette får du høyre om i den nyaste episoden av Språkoppdraget.
Lytt til episoden med Are Kalvø.
Unn Vibeke Hol
Om dialekt, dubbing og eit liv i teateret
I nesten eit halvt hundreår har Unn Vibeke Hol vore skodespelar på Det Norske Teatret. Sidan teaterdebuten som Tussie i framsyninga Ole Brumm har ho gjort eit utal roller. Stemma hennar har du garantert høyrt. Kanskje du har møtt henne på skogtur med hunden, medan ho puggar replikkar. Eller på film, som Disney-prinsesse, Teletubbie, Snorkfrøken, tårnfalk eller Meryl Streep. Ho har gjort det meste.
Og sjølv om Unn Vibeke no er blitt pensjonist, tenkjer ho framleis at dei beste rollene ligg framfor henne. Høyr om dette, og mykje meir, i denne episoden av Språkoppdraget.
Lytt til episoden med Unn Vibeke Hol.
Sara Khorami
Om Kristin Lavransdotter, dubbing og livet som tospråkleg
Når Det Norske Teatret set opp romanverket Kristin Lavransdotter på Hovudscenen, er det skodespelar Sara Khorami som speler tittelrolla. I løpet av 8 timar maratonteater skal ho følgje Kristin frå barndom til grav.
I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv å bli dubba på farsi, om skilnaden på å spele i film og teater, og om likskapen mellom språket til Sigrid Undset og farsi. Og er det eigentleg sant at «menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager»? Dette og meir får du i denne episoden av Språkoppdraget.
Lytt til episoden med Sara Khorami.
Alfred Fidjestøl
Om den spektakulære historia til Det Norske Teatret
No til dags utspeler det meste av dramatikken på Det Norske Teatret seg på scenane våre.Men slik var det ikkje i oktober 1913, då teateret opna. Den gongen utspelte dei mest dramatiske scenane seg i gatene rundt teateret, der fleire tusen menneske tok del i gatekampar, fleire kveldar på rad. Og det var ikkje teaterframsyningane i seg sjølv som førte til det sterke engasjementet; det var at teateret spelte på nynorsk, midt i Oslo sentrum.
I denne episoden av Språkoppdraget tar filosof, journalist og biograf Alfred Fidjestøl oss gjennom den spektakulære historia til Det Norske Teatret, ei historie der språket er ein evig aktuell raud tråd.
Lytt til episoden med Alfred Fidjestøl.
Runar Gudnason
Om rap, teater og gleda ved eit godt rim
Runar Gudnason er kjent for mange som rappar i Side Brok, og no er språkmennesket frå heimbygda til Ivar Aasen aktuell som gjendiktar på Det Norske Teatret. Når Into the Woods kjem opp på Hovudscenen denne våren, er det i Gudnason si norske språkdrakt.
I denne episoden av Språkoppdraget blir vi med han inn i ein skog og snakkar om jobben med å dikte om den samansette og referansetunge musikalen til Sondheim til norsk. Vi snakkar om nynorsk og dansk, om rap og om rim, om den gode kjensla av å finne nøkkelen til korleis ein song skal diktast om, og kor mykje lykke som finst i ei god rimordbok.
Lytt til episoden med Runar Gudnason.
Line Norman Hjorth
Om språket i Orderud-saken og truverd i rettssalen
Trippeldrapet på garden Orderud i 1999 er ei av dei mest omtala drapssakene i Noreg. Ingen er dømd for drapa, men fire personar blei dømde for medverknad. Med få tekniske bevis, handla rettssaka i stor grad om truverd.
Kva er det som gjer at vi har tillit til nokon, men mistrur andre? Kva rolle speler språket i ei rettssak? Og kva vil det seie å ha truverd til rettssalen? Det er tema for denne episoden av Språkoppdraget. Gjest er forfattar Line Norman Hjorth.
Lytt til episoden med Line Norman Hjorth.
Guri og Olav Vesaas
Om faren Tarjei Vesaas, om Fuglane og teateret
I år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i høve jubileet set Det Norske Teatret opp romanen hans Fuglane i ei ny dramatisering.
I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av barna til Tarjei Vesaas, Guri og Olav Vesaas. Dei fortel om Tarjei Vesaas sitt forhold til språket, til teateret og ikkje minst til romanen Fuglane og karakteren Mattis. Vi snakkar også om mor til Guri og Olav, Halldis Moren Vesaas og hennar virke som gjendiktar og omsetjar ved Det Norske Teatret.
Lytt til episoden med Guri og Olav Vesaas.
Arne Lygre
Om Tid for glede, tid for ros - og om å skrive sitt første teaterstykke på nynorsk
Sesong 2 av Språkoppdraget er i gang, og årets første gjest er dramatikar Arne Lygre. Han har skrive bestillingsverket Tid for glede som hadde urpremiere på Hovudscenen 29. januar, i Johannes Holmen Dahl sin regi. Stykket har fått strålande mottaking frå publikum og kritikarar.
I Språkoppdraget snakkar Lygre om korleis det er å få oppdraget med å skrive for den største scenen på Det Norske Teatret, om korleis det er å ta imot så mykje ros frå kritikarane, og korleis det var for han å skrive sitt første teaterstykke på nynorsk.
Lytt til episoden med Arne Lygre.
Mette Elisabeth Nergård
Om julebrevets mystikk og overraskingar
Julebreva frå slekt og vennar i resten av landet var årets høgdepunkt då Mette Elisabeth Nergård vaks opp i Finnmark. Dei små historiene om andre folk sine liv vart lesne som små fiksjonsforteljingar. Og då ho seinare begynte å forske på julebrevsjangeren, fann ho ut at fleire av oss pyntar litt på sanninga i det masseproduserte julebrevet.
Kor mykje er det lov å skryte og kva bør ein absolutt ikkje skrive om? Kven er julebrevet til for, avsendaren eller mottakaren? Og korleis går det med julebrevet no når det er jul heile året - på Facebook. Svara får du i den fjerde episoden av Språkoppdraget, der Nergård er gjest.
Lytt til episoden med Mette Elisabeth Nergård.
Tom Roger Aadland
Om Bob Dylan på norsk
Det er dessverre veldig mange her i verda som ikkje skriv nynorsk. Ein av dei er Bob Dylan. Flaks, derfor, at vi har Tom Roger Aadland i landet, som har tatt på seg oppdraget med å finne norsk språkdrakt til Dylans tekstar.
Aadland er gjest i Språkoppdraget, og med gitaren på fanget fortel han om konsertframsyninga Vikla inn i blått, sin første Dylan-kassett og korfor 'Sad-Eyed Lady of the Lowlands' funkar som 'Sorgsame kvinne ifrå Jæren'.
Lytt til episoden med Tom Roger Aadland.
Åse Wetås
Om pandemispråket og pandemiar i språket
Pandemien slo innover oss i mars 2020 og endra måten vi levde på, jobba på og kva vi snakka om. Direktør i Språkrådet, Åse Wetås er gjest i denne episoden av Språkoppdraget.
Vi snakkar om pandemispråket, om pandemiar i språket og om kva som kjem til å stå att i språket etter nærmare to år med korona. Og kva var no riktig uttale av dette ordet igjen? Det får du også svaret på i andre episode av Språkoppdraget.
Lytt til episoden med Åse Wetås.
Svein Tindberg
Om språk, tru og Peppa gris
Korleis går det an å hugse ein monolog kveld etter kveld, kor mykje tekst er det plass til inni eit hovud og korleis er det for ein groruddøl å jobbe på nynorsk?
Skodespelar Svein Tindberg snakkar om forholdet sitt til språk og tekst, om eit langt liv på Det Norske Teatret og om korleis det er å ha ei stemme som dei aller fleste i Noreg har høyrt på barne-TV.
Lytt til episoden med Svein Tindberg.
Fleire episodar med Språkoppdraget
Språkoppdraget
Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk. Her finn du oversikt over alle episodane.
Les meir