Bakgrunnsartikkel

Livets teater

Livet. Som teater? Det er inga lita oppgåve dei har tatt på seg å formidle i scenerommet. No er Camilla Martens og Toril Goksøyr snart ferdige med det monumentale prosjektet som har LIVET som overskrift.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Med den femte framsyninga i den ti timar lange pentalogien, set dei no sluttstrek for eit prosjekt som har tatt nærare ni år. Men riktig ferdige er dei ikkje. Ikkje heilt.
- Vi har laga ein ein prolog; ein fødsel som eit kompositorisk verk. Framsyninga blei framført på Kunstnernes Hus med skodespelarar frå Det Norske Teatret i fjor. Ein epilog er også under utvikling, men først må vi kome i mål med fjerde del av pentalogien, seier Toril Goksøyr og Camilla Martens.

MomA er tittelen på framsyninga som har premiere på Scene 3 den 11. mai. Ein tittel som kan lesast på fleire vis. Den refererer til Museum of Modern Art i New York. Men den kan også bety den første eller fremste mora/hovudmora, i motsetnad til b-utgåva; mora som ikkje er fullkomen.
- Vi er komen til fjerde del. Og no gjeld det ei kvinne som kjenner at ho er i ferd med å miste posisjonen sin som kunstnar og som omsorgsperson, og niesa hennar som er på veg opp.

Livsfrise

Pentalogien er ei rad med framsyningar som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Kunstnarduoen la under pandemien om rekkefølgja i det store fiksjonsverket og har tidlegare sett opp 11 ÅR med barndommen som utgangspunkt, DOTTERA som krinsar kring ungdomsliv, BROR som sette vaksenlivet under lupa, og som handla om livets avslutning.

- Livet er overgangar, og dei har vi tatt for oss. I desse overgangane er vi også gjerne i ei form for heimløyse.

- Livet er overgangar, og dei har vi tatt for oss. I desse overgangane er vi også gjerne i ei form for heimløyse. MomA snakkar om heimløyse med premissen om at arbeidet er heimen din. Det gjeld i grunnen for alle i stykket. Dei er så omslutta og oppteken av arbeidet sitt, at det er blitt heimen deira. Aller tydelegast er det for den eine hovudkarakteren, Sigrun. Når ho opplever å bli arbeidslaus, er det som om ho blir heimlaus, seier Camilla Martens og Toril Goksøyr.

11 ÅR, 2017
11 ÅR, 2017
DOTTERA, 2019
DOTTERA, 2019
GÅ, 2020
GÅ, 2020
BROR, 2022
BROR, 2022

Overgangar i livet og karrieren

Sigrun er ein anerkjent dramatikar. Ho har ingen eigen familie, men har fungert som mor for barnet til søster si, Makena. No er det Makena som stig opp i den internasjonale teaterbransjen. Ho er den unge, suksessrike kunstnaren som har fått eit eige teater å styre. Ho er i ferd med å skape seg eit stort namn som dramatikar og regissør, og blir invitert til prestisjefylte festivalar i kraft av å vere nyskapande. Makena har skaffa seg sin eigen – og nye – «heim» no.

Trine Wiggen spelar dramatikaren Sigrun. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Når stykket startar oppsøker Sigrun den unge kvinna, og gjer krav på å få flytte inn i heimen hennar, og det skjer sjølvsagt ikkje utan komplikasjonar.
- For det skal jo ikkje mødrer gjere. Dei skal jo leve sine liv vidare slik at dei unge på eiga hand kan få finne ut kven dei er.

Kolonialisme i nære relasjonar

Sigrun og Makena står med andre ord på to ulike stader i livet.
- Sigrun er van med å ha ein avgjerande posisjon i Makenas liv. Ho har, som ho sjølv seier, redda henne. Og kjenner nok kanskje at ho har ein slags rett til å be om plass på teateret som Makena driv, tenkjer Goksøyr og Martens.

Makena er derimot i ein posisjon der ho treng å lausrive seg frå den som både har vore ein nær omsorgsperson, og kanskje ein slags mentor. Ho treng å få arbeide i fred for å gjennomføre sitt eige kunstnarlege prosjekt. Eit prosjekt som er personleg, men også politisk:
- Fordi ho har far sin i Kenya. Fordi den neokolonialistiske situasjonen er betent. Og fordi vestens naudhjelp, sluppe frå himmelen, aldri vil kunne føre til varige endringar.

Jae Nyamburah spelar regissøren Makena. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Kan ein vaksen gjere krav på barnet sitt? Og står eit barn i gjeld til omsorgspersonen sin?

Makena (Jae Nyamburah), Ragnar (Oddgeir Thune) og Anna (Thea Lambrechts Vaulen) i diskusjon om korleis teaterframsyninga dei held på med skal bli. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Intervju som metode

Også denne gongen lener kunstnarduoen Goksøyr & Martens seg på mange sanne historier for å kunne skape eit fiksjonsverk som gir resonans hos publikum.
- Vi har intervjua kunstnarar i alle aldrar, så historiene kjem frå kunstfeltet, men situasjonen vi skildrar er meir ålmenn enn som så. Veit ein noko om å vere midt i livet, om å ha omsorgsansvar for eit ungt menneske som er på veg inn i vaksenlivet og har opplevd at dette høgt elska individet plutseleg snur ryggen til deg – i alle fall i eit augneblikk – så veit ein kva vi snakkar om.

Toppfoto: Una Lina Ree Hunderi.
Artikkelen er publisert 2. mai 2024, oppdatert 13. mai 2024.

livet #1-5

Alle framsyningane som til saman utgjer Pentalogien, livet #1-5.

FORSPEL (2023)

Eit barn blir født. Ein fødsel som eit kompositorisk verk for fire skodespelarar.

11 ÅR (livet#1), 2017

Dreier rundt ei 11 år gamal jente som ikkje fann seg til rette i ein sosial fellesskap.

DOTTERA (livet#2), 2019

Handlar om ei tenåringsjente som har to heimar, noko som for ho betyr ingen heim.

BROR (livet#3), 2022

Tar for seg ein småbarnsfar i pengetrøbbel som mistar bustaden sin.

MomA (livet#4), 2024

Er historia om Sigrun og Makena som begge har arbeidet som sin heim.

GÅ (livet#5), 2020

Er forteljinga om ei kvinne som oppsøker den døyande mor si som bur på sjukeheimen.

ETTERSPEL

Under utvikling.