Terningkast seks

Rystende godt om barns selvmord

Terningkast fem

opprivende og relevant teater om norsk skolehverdag

Ekstremt høyt, utrolig nært

Ei historie om kjærleik, einsemd og forskyving av ansvar.

Sjå inn i skolegarden. Du får auge på han som leitar etter gymbagen sin i konteinaren. Og ho som spring så fort at matboksen dett ut av sekken. Det du ikkje oppdagar, er jenta på elleve år som gjer eit turnnummer i klatrestativet, like før sola fyller heile plassen.

Kva ansvar har vi som vaksne?

Kva fangar blikket? Kva ansvar har du for å forstå det du ser? Den elleve år gamle jenta døyr. Korleis kunne det skje? Og korleis tar vi oss av barna våre?

I 11 ÅR opplever ein ung lærar at ein av elevane hennar, ei elleve år gamal jente, tar sitt eige liv. No skal ho møte foreldra til jenta og rektoren ved skolen. I veska har ho noko ho har gløymt å fortelje om.

Publikum er vitne

I forarbeidet til 11 ÅR har Goksøyr & Martens intervjua foreldre, barn, forskarar, juristar og tilsette i skoleverket. Historia spelar seg ut i ein skolegard. Publikum ser handlingane mellom tretti barn og sju vaksne aktørar frå eit fire meter høgt stillas. Eit headset til kvar formidlar hendingar og samtalar frå eit av klasseromma på skolen.

Om selvmordet blir et mystisk hull, kan barna fylle hullet med skremmende fantasier. Snakk åpent, sier rådgiver.

Lager teater om voksnes rolle når barn begår selvmord

– For et barn kan det være livsfarlig å oppleve sterk ensomhet

Finn ut meir