Bakgrunnsartikkel

Goksøyr&Martens

Goksøyr & Martens har gjennom to tiår markert seg som viktige teaterfornyarar i det norske scenekunstmiljøet.

Scenekunstduoen blei etablert i 1997 av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Dei nyttar dokumentariske strategiar i arbeidet sitt, autentiske element som knyter kunsten til røyndomen. Dei har tidlegare vist framsyningane 11 ÅR og DOTTERA ved Det Norske Teatret. 11 ÅR blei nominert til Heddaprisen for Årets framsyning i 2017. DOTTERA blei nominert til den nasjonale Ibsenprisen for beste manus i 2019.