“Ane gikk foran, enda det var mitt barn, og min første fødsel.”

Det er ein lys morgon. Ei kvinne og ein mann vaknar nesten samtidig, og blir verande i senga lenger enn dei burde, fordi barna deira framleis søv. Snart skal dei ete frukost, og så skal dei lempe syklane på bilen for å komme dit dei telta i fjor. Den eldste dottera har bestemt seg for å bli heime. Ho har invitert nokre jenter for å feire at ho er blitt 18 år. Det er heilt ok, for det er greie jenter. Dessutan har mora hennar sagt at ho kan komme innom i løpet av natta. Det har ho sagt, men kva om det likevel ikkje skjer?

DOTTERA er ei historie om ein familie. Om mine barn og dine barn, og ho som berre bur litt her, fordi ho bur mest hos mor si. Det er ei forteljing om korleis alt i løpet av ei natt kan gå sund, sjølv om vi alle lengtar etter det same.

Livet

DOTTERA er del to i pentalogien LIVET - ei rad med framsyningar som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Sceneteksten er basert på samtaler med foreldre, steforeldre, barn, ungdom og kvarandre.
Publikum sit på eit stillas fire meter over bakken og kikkar ned i ein bustad med soverom, kjøkken, bad, stove og gang. Samtidig får dei også utdelt kvart sitt headset, slik at det er mogleg å følge eit tredimensjonalt lydbilde.

Praktisk info
Vi gjer merksame på at framsyninga har ein annleis tribune enn det vi vanlegvis har på teatret. Som publikummar sit du i eit fire meter høgt stillas og ser ned på scenen. Du sit ikkje på stolar, men på kanten av sjølve stillaset med sikring framfor deg. Det er difor ikkje lov å ha med lause gjenstandar (vesker, jakkar osb.) inn i sceneområdet. Du finn låsbare skap som er gratis å bruke i garderoben til Hovudscenen. Om du har spesielle behov, vær vennelg å kontakt billettluka så snart som mogleg.
Dørene stengjer presis, og det er ikkje mogleg å kome inn etter framsyninga har starta.

Goksøyr&martens

Goksøyr&Martens blei etablert i 1997 av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Dei nyttar dokumentariske strategiar i arbeidet sitt, autentiske element som knyter kunsten til røyndomen. Dei har tidlegare vist framsyninga 11 ÅR ved Det Norske Teatret. 11 ÅR blei Heddapris-nominert som årets framsyning i 2017.

Goksøyr & Martens har basisfinansiering frå Norsk kulturråd, og er støtta av Bergesenstiftelsen og Fritt Ord . Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus og er eit samarbeid med Det Norske Teatret.