Bakgrunnsartikkel

Ei bøn til tilskodaren

Skikkelsen Caligula har både av dåtidas historikarar og i populærkulturen blitt forstått som det arketypiske korrumperte maktmennesket.

Skrive av
Ole M. Vik
Ole M. Vik
Psykolog og filosof

Det kan godt vere den historiske Caligula både var tidvis ganske ufin og lite triveleg å vere i lag med, men kven hadde vel ikkje vore det om søskena dine blir landsforviste, mor di døyr i fengselet og den distanserte far din, som du idealiserte, blir forgifta på felttog i Syria? Om vi i tillegg hadde hatt noko i nærleiken av uinnskrenka makt, så ville vel nokon kvar av oss blitt litt tulleruske?

Men om eg skal få kome med ei aldri så lita oppmoding til deg, kjære tilskodar, i det du er i ferd med å gå inn og sjå dette vanskelege, morosame, urovekkande og lettliva teaterstykket, så er det dette: Ikkje fall for freistinga til å avskrive Caligula berre som ein brutal og maktsjuk tyrann. For det vil vere å redusere både han og stykket.

Ikkje fall for freistinga til å avskrive Caligula berre som ein brutal og maktsjuk tyrann.

Caligula er skrive av eksistensfilosofen, dramatikaren, nobelprisvinnaren og sexsymbolet Albert Camus. Kan hende hadde han også håpa at vi som tilskodarar prøvde å empatisere med ein skikkelse med eit namn som nærast har blitt synonymt med vulgær brutalitet, så vel som både nemnande og unemnande perversjonar? Eller i det minste at vi prøver å forstå han som noko meir enn ein eindimensjonal pappfigur? Om ikkje anna fordi det kan hende det bur ein liten Caligula i oss alle?

Om vi ikkje prøver å sjå menneskeverdet i «monster», blir det vanskelegare å sjå menneskeverdet. Også i oss sjølve.

Albert Camus i 1957. Ukjend fotograf, United Press International via Wikimedia Commons.

Det finst ingen trygge hamner

Akkurat som dei andre franske eksistensialistane, skreiv Camus filosofiske avhandlingar forkledde som litteratur og drama. Kva er i så fall den eksistensfilosofiske bodskapen i dette stykket? Det er ikkje eit lett spørsmål å svare på. For Camus sitt Caligula er ikkje mindre enn eit overflødigheitshorn av livsfilosofisk visdom! I arbeidet med stykket har eg tidvis blitt slått i bakken av kor mange store og viktige spørsmål det på finurleg vis kjem inn på. Ei beundring eg trur eg deler med folka både på og bak scenen i kveld.

Nettopp fordi stykket rommar så mykje er det siste eg vil å avgrense deg og tolkinga di av det, trass i mi vesle bøn i innleiinga. Kompleksiteten i tilværet tvingar oss til alltid å gå vidare, aldri stoppe opp og lande på «Svaret med stor S». Det som følgjer er difor berre to av fleire moglege inngangar til å forstå stykket. To springbrett for ditt fortolkande møte med det som snart skal finne stad på scenen.

Vi kan samanfatte dei to inngangane i det følgjande: det er ingen fullstendig trygge hamner i tilværet. Ingen komplett tryggleik der vi kan søkje ly frå livsstormane. Sjølv ikkje når dei rasar som verst. For meg som psykolog er stykket difor svært klinisk relevant, fordi det på eit skremmande elegant vis slår beina under dei to vanlegaste hamnene vi søkjer mot når livet blir vanskeleg, nemleg tryggleiken vi prøver å finne i moralen og i rasjonaliteten.

Foto: Ole Herman Andersen

Sanninga forbi samfunnsmoralen

Sjå for deg at du er i eit middagsselskap der alle speler sine tildelte roller. Vi seier det ein skal seie i rolla som gjest, vi gjer det ein gjer i rolla som vert. Alle veit spelereglane. Alle følgjer dei til punkt og prikke. Det er ikkje utriveleg. Det kan endåtil vere retteleg hyggeleg! Men kanskje litt keisamt? Kanskje litt falskt? Sjå for deg at nokon slepper ein fis.

Det er jo openbert ikkje i tråd med spelereglane i det gode selskap! Men det er litt forløysande også? Litt deilig? Om ikkje anna gjev det kvelden litt dynamikk og spenning.

For meg handlar Camus sitt Caligula om den trauste tomleiken som oppstår i liv som berre blir levd konvensjonelt. Det peikar på farane ved dei tallause tradisjonane, normaktivitetane og rollespela vi som menneske til kvar tid tek del i. Sjølv om dei saktens kan vere trygge og praktiske, er dei også ganske avgrensande.

Å leve berre ut ifrå dei moralske konvensjonane er å vere til stades i verda utan særpreg. Det er trygt, men hólt. Vi endar opp med å bli det Kierkegaard kallar ein spissborgar, ein som berre lever slik «ein bør leve». Caligula er det ultimate opprøret mot dette.

For meg handlar Camus sitt Caligula om den trauste tomleiken som oppstår i liv som berre blir levd konvensjonelt.

Korleis kan du leve autentisk som keisar? Korleis kan du leve ekte når alt du er, alt du uttrykker, er den bokstavelege representasjonen av staten? Korleis kan du setje ditt subjektive særpreg på livsprosjektet ditt når rolla di er så definerande at ho gjennomsyrer alt du gjer? I ei slik livsramme har du eigentleg berre to val: underkasting eller opprør. Caligula vel det siste. Ein keisar syter for at folket har nok mat og at samfunnsmoralen blir halden i hevd. Så Caligula stengjer kornlagera og prostituerer senatorfruene. Ikkje først og fremst fordi han er pervers, ikkje først og fremst fordi han er vond. Men fordi ikkje å gjere det er å redusere seg sjølv til rolla si. Det er å bli ein spissborgarkeisar. «Brutaliteten» til Caligula er først og fremst eit eksistensielt frigjeringsprosjekt.

Caligula er difor ikkje berre eit moralsk skrekkbilete, men også eit etisk eksempel til etterfølging.

Caligula er difor ikkje berre eit moralsk skrekkbilete, men også eit etisk eksempel til etterfølging. Vi står alle overfor Caligula sitt val: om vi berre handlar i samsvar med det som kulturen til kvar tid reknar for å vere «det rette» så endar vi opp som spissborgarar. Då svekker vi vår eigen eksistens. Vi blir preglause. Stykket plagar oss dimed med ei uhyre ubehageleg filosofisk sanning: det er ein ibuande konflikt mellom god moral og autentisitet. Om vi skal leve meir fritt, meir ekte, meir sant, så må vi tore å sjå forbi konvensjonane. Til og med konvensjonane i moralen.

Foto: Ole Herman Andresen

Er det i det heile nokon vits i å leve? For Camus er svaret vilkårslaust ja.

Tilværets ubønhøyrlege absurditet

Caligula er tilsynelatande galen. Han vil finne månen. Han vil hente han ned og undertvinge seg han. Akkurat som den historiske Caligula som ifølgje Suetonius erklærte krig mot havet. Må å temje naturkreftene er berre galskap om ein trur av verda er ein velordna og lovmessig stad. Ein stad der rasjonaliteten – anten han er manifestert som Gud, evolusjonens eller fysikkens lovar – gjer verda forståeleg og ibuande meiningsfull. Det er første med det utgangspunktet at det gjev meining å sjå menneskelege handlingar som meir eller mindre rasjonelle, eller meir eller mindre gode. Men kva om verda ikkje har noka ibuande meining?

Ei minst like plausibel, men ganske mykje meir ubehageleg forståing av mennesket og tilværet er å sjå det som i utgangspunktet meiningstomt. Noko som i så fall gjer det ganske absurd. Om all rasjonalitet og moral er noko som på arbitrært vis er plassert i verda av oss menneske, er det då i det heile nokon vits i å ta val? Er det då heilt uvilkårleg kva vi gjer? Er det i det heile nokon vits i å leve? For Camus er svaret vilkårslaust ja.

Foto: Ole Herman Andersen

I stykket ser vi korleis Caligula gong etter gong avdekker sprekkane i den rasjonelle og ordna verda menneska rundt han klamrar seg fast til. Staten har ein ibuande logikk i seg, seier senatorane. Dei gamle tradisjonane er rette fordi dei er dei gamle tradisjonane. Caligula sjølv blir utsett for den same rasjonalistiske reduksjonismen. Den tilsynelatande umoralen hans blir gong etter gong forsøkt bortforklart, akkurat som det ofte blir i våre dagar. Som følgje av for mykje stress og press, som følgje av for dårleg kosthald, som følgje av for lite svevn, som følgje av utviklingspsykologiske traume.

Men Caligula avviser alle tilløp til å orsake eller bortforklare. Og han tvingar menneska rundt seg til å forhalde seg til absurditeten i både samfunnet og i samfunnsmoralen. Korleis kan de seie at eg er brutal når eg plagar mine næraste, på same tid som de herleggjer ein stat og ein kultur som har valda tallause krigar og uendeleg mykje liding?

Caligula peikar ikkje på den ibuande absurditeten i staten og normene fordi han vil at vi skal endre dei eller kvitte oss med dei. Men for at vi skal erkjenne dei. Eksistensen er rørsla mellom orden og kaos, mellom meining og absurditet. Å leve sant og godt – noko vi eksistensialistar meiner er to sider av same saka – er difor å orke å ta innover seg den ibuande absurditeten i alle ting. Der er difor heilt greitt å følgje normene i kulturen. Og det er greitt ikkje å gjere det. Poenget er at det eine ikkje er meir rasjonelt enn det andre.

Korleis kan de seie at eg er brutal når eg plagar mine næraste, på same tid som de herleggjer ein stat og ein kultur som har valda tallause krigar og uendeleg mykje liding?

Foto: Ole Herman Andersen

Sjølv om alt har absurditet i seg så er ikkje rommet for meining og trivsel i tilværet borte. I det vulgære, brutale og tilsynelatande sinnsforvirra livsprosjektet til Caligula ligg det også ein veldig optimisme for menneskeslekta.

Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk

Artikkelen er publisert 22.02.2024.

Mrie bakgrunn: