Bakgrunnsartikkel

Karakterane i Caligula

Caligula, eller Gaius Julius Caesar Augustus Germanicus (ikkje til å forveksle med Julius Cæsar), var den tredje keisaren i Romarriket. Under seg hadde han eit råd av senatorar.

Caligula  var ein ung og populær keisar i Romarriket, som i sine første år ved makta har fokusert på folkeleg moro, meir enn på krigføring og rikets vekst. Da syster hans, Drusilla, brått døyr, endrar han seg markant. Han opplever tilværet som meiningslaust og utforskar makta og fridomens ytre grenser.
Cæsonia : Caligulas elskarinne og etter kvart ein sentral medsamansvoren i det nye regimet hans. 
Scipio : Poet og ein nær venn av Caligula. Han har eit ope sinn og forstår Caligula sitt syn på tilværet betre enn dei fleste. 
Helikon : Caligula sin lojale tenar. Han har bakgrunn som ein av mange slavar i Romarriket, men har jobba seg oppover til å bli ein av dei som står Keisaren nærast.  
Cherea : Filosof og forfattar. Han fryktar det radikale i prosjektet til Caligula og blir leiaren og hjernen bak komplottet mot han.  

Senectus : Den eldste, og kanskje mest opportunistiske senatoren.

Senatorane

Senatorane utgjorde senatet, den romarke statens øvste rådsorgan. Desse mennene høyrer til Romarrikets privilegerte klasse og er vane med å få det som dei vil.  Dei hadde store forventningar knytt til den nye keisaren, men blir meir og meir urolege over endringane dei blir vitne til, og dei meir og meir vilkårlege systema for inndraging av eigedom og avrettingar.  

Metellus : Boklærd senator. 
Patricius : Den pliktoppfyllande skattmeisteren i senatet. 
Lepidus : Ein erfaren senator. Sonen hans blir eit av offera for Caligula sine innfall.  
Octavius : Tilsynelatande ein driftig senator. Kona hans blir utsett for Caligula sine brotsverk og audmjukingar.

Meir bakgrunn:

Å forstå det vi liker å verne oss mot

- Noko som inntil i går var ein absurd replikk i stykket Caligula, er i dag ei avisframside, seier regissøren for stykket, Peer Perez Øian.

Les meir

Caligula, historia og livet etter døden

Caligula har oppnådd status som den ultimate galne romerste keisaren, skriv professor i latin Mathilde Skoie.

Les meir

Ei bøn til tilskodaren

Ikkje fall for freistinga å forstå Caligula berre som ein brutal og maktsjuk tyrann, skriv psykolog og filosof Ole M. Vik.

Les meir

- Har du makt, vil du sannsynlegvis berre ha meir

Karl-Vidar Lende, som spelar Caligula, veit kva han snakkar om. Han har sett maktspel på nært hald og i fleire utgåver; i barndommen, i vaksenlivet, som observatør og som skodespelar.

Les meir