Bakgrunnsartikkel

- Har du makt, vil du sannsynlegvis berre ha meir

Karl-Vidar Lende veit kva han snakkar om. Han har sett maktspel på nært hald og i fleire utgåver; i barndommen, i vaksenlivet, som observatør og som skodespelar.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Frå februar står han på Hovudscenen i rolla som den galne romerske keisaren Caligula. Den korte regjeringsperioden hans var prega av ekstravaganse, intrigar, frykt og komplott. Albert Camus’ stykke om statsmannens skrekkvelde har gjort namnet synonymt med galskap. Det er både teatralt, tankevekkjande og underhaldande - i all sin råskap. Lende ser fram mot ein vårsesong i irrasjonalitet.

- Uavgrensa fridom opnar for makt til å sleppe laus indre grums, og vondskap. Det er vel det stykket handlar om, seier skodespelaren som også ser mykje komisk ved karakteren.

- Måten Caligula bruker språket for å endre sanninga i eit forsøk på å halde på makta er spennande. Etter kvart sklir det heilt over i det absurde og vulgære. Å avkle makta på denne måten, grensar til det komiske.

31-åringen har allereie levd halve livet som profesjonell skodespelar. Bergensaren, som starta i barneteateret i Fyllingsdalen, blei tatt inn i varmen på Den Nationale Scene berre 15 år gamal. Det var ikkje berre draumen som gjekk i oppfylling da daverande teatersjef Bjarte Hjelmeland inviterte ungguten til scenen, han visste at det var i teateret han høyrde til.

Det er kanskje ein litt teit og romantiserande ting å seie, men, ja, det er teateret eg har dedikert livet mitt til, seier Karl-Vidar Lende. – For bortsett frå åra på KHIO manglar det på utdanning.

Den unge bergensaren har allereie levd halve livet som profesjonell skodespelar. Foto: Ole Herman Andersen

- Å ha makt over sinnet til folk er krevjande. Da skal du forvalte posisjonen med kløkt. 

Oppvekst i pinserørsla

Karl-Vidar Lende vaks opp i pinserørsla. Levende ord var ei raskt veksande frikyrkje som på midten av 2000-talet talde over 2600 medlemmar. Organisasjonen hadde eigne skolar og utdanningsprogram, og Karl-Vidar var blant dei mange barna som blei fødde inn i dette. Den karismatiske leiaren deira skaffa grupperinga stor nasjonal mediemerksemd. Men så kollapsa det heile. Eit topptungt leiarskap gav lite rom for kritiske tankar og snart oppstod ein øydeleggjande kamp om makt og posisjonar.

- Å ha makt over sinnet til folk er krevjande. Da skal du forvalte posisjonen med kløkt. Heile skolegangen var prega av eit livssyn som sette tronge rammer for livsutfalding. Og særleg for sånne som meg. Eg måtte bryte ut av det, og møtet med teateret blei heilt avgjerande, seier Karl-Vidar.

Etter utdanninga har han jobba ved fleire store teaterhus. Før han kom til Det Norske Teatret hausten 2018 var han ved Trøndelag Teater. Der fekk han prøve seg i store roller som Gregers Werle i Vildanden, som Valerio i Leonce og Lena og i tittelrolla i Ubu. Den siste også ein eksentrisk og absurd galen diktator som tippa meir over i klovneriet og det burleske. I haust har han vore å sjå på NRK som journalisten Per Vassbotn i serien om Arbeiderpartiet og Gro sin veg mot statsministerstolen. I Makta følgjer vi Vassbotn som både får tilgang til fortruleg informasjon frå innsida av partiapparatet som journalist, men som sidan skiftar side og blir den første statssekretæren på statsministerens kontor som ikkje kjem frå arbeidarrørsla.

- Å ha makt over sinnet til folk er krevjande.

Frå Ubu på Trøndelag Teater, 2018.  Kong Ubu er grusam, sinnsjuk og irrasjonell, sa Lende om karakteren da. Foto: Aleksandar Ramadanovic/Trøndelag Teater.
Frå Ubu på Trøndelag Teater, 2018. Kong Ubu er grusam, sinnsjuk og irrasjonell, sa Lende om karakteren da. Foto: Aleksandar Ramadanovic/Trøndelag Teater.
Som Gregers Werle i Vildanden på Trøndelag Teater, 2017. Her i samspel med Christian Ruud Kallum. Foto: Bengt Wanselius/Trøndelag teater.
Som Gregers Werle i Vildanden på Trøndelag Teater, 2017. Her i samspel med Christian Ruud Kallum. Foto: Bengt Wanselius/Trøndelag teater.
Frå Jon Fosses I svarte skogen inne, samarbeid mellom Det Vestnorske Teatret og Det Norske Teatret, 2023. Foto: Thor Brødreskift.
Frå Jon Fosses I svarte skogen inne, samarbeid mellom Det Vestnorske Teatret og Det Norske Teatret, 2023. Foto: Thor Brødreskift.

Som journalisten Per Vassbotn i NRK-serien Makta om Gro Harlem Brundtland og Arbeiderpartiet i overgangen frå 70- til 80-talet.
FOTO: ANDREAS TURAU /NRK/MOTLYS/NOVEMBERFILM

Makta i Arbeiderpartiet

- I alle bransjar kan ein bli blind for eiga makt. Arbeiderpartiet – i alle fall den gongen – var styrande. Dei hadde enorm oppslutting, og det prega nok styringsevna. Makt blir noko sjølvsagt. Og når ein først får smaken på det, kan det føre til eit ønske om meir. Det er som med pengar. Ein kan sikkert gå inn i det med rasjonalitet, men så tar det irrasjonelle over. I alle fall dersom ein er omringa av berre ja-menneske. Når det ikkje er nokre korrektiv, ingen kritiske innvendingar, da er det grunn til å skru på varsellampene. Eg trur maktmenneske eigentleg ønskjer seg motstand, ønskjer sterke motkrefter. Elles begynner ein å forakte dei ein styrer over. Ei farleg utvikling. Døme på slike folk finn ein jo i mange land for tida. Vi lever jo i ei tid der maktsjuka rår.

Ein klassisk diktator

Caligula er eit klassisk døme på kva som kan skje når ein diktator utviklar symptom prega av vrangførestillingar om omverda og stordomsidear om seg sjølv. Den politiske avgjerdsprosessen blir prega av irrasjonelle innfall. Statsfinansane blir øydsla vekk. Han lever utagerande og grenseoverskridande og blir stadig meir omsynslaus i val av maktmiddel. Skattetrykket aukar, og mistenkjelege element blir rydda av vegen.
- Joda, denne figuren er slett ikkje gått ut på dato. Eg trur i desse tider at det er frigjerande å kunne le av slik galskap. Det må vi sørge for at publikum får høve til.
Og sjølv om mannen og sinnet ligg langt unna skodespelarens liv og tankesett så finn Karl-Vidar nokre trekk han kan kjenne igjen. Noko som gjer det ekstra interessant å dykke ned i denne karakteren.
- Eg er meir ein Caligula-skodespelar enn Hamlet, seier han. - Eg synest også at livet er meiningslaust. Ofte er det jo slik at ein må skape meining for at det skal gi meining.

Caligula spottar religion og kunst, Karl-Vidar Lende finn meining i kjærleik og kunst. Caligula tvingar alle til å følgje hans 'sjuke logikk': I ei verd utan meining er alle handlingar like gode.
- Den er eg ikkje like einig i. Men han seier også: Alt er meiningslaust, til og med sorga går over. Det var utsegna som fekk meg på kroken. Er det verkeleg slik, undrar skodespelaren før han tar fatt i arbeidet med rolla.

Karl-Ivar Lende har ingen ambisjonar om makt, derfor likar han seg som del av eit ensemble i ein stort arbeidsfellesskap, som teateret gir.

Meir bakgrunn: