Bakgrunnsartikkel

Caligula, historia og livet etter døden

Alle oppsettingar av stykket til Albert Camus bidreg til å gje Caligula liv. Då blir eit nytt kapittel lagt til «livshistoria» til Caligula.

Skrive av
Mathilde Skoie
Mathilde Skoie
Professor i latin, UiO

Den romerske keisaren Caligula (12-41 f. Kr) heitte eigentleg Gaius Julius Caesar Germanicus. Caligula tyder «vesle støvel» (caliga) og var eit kallenamn han fekk som liten då han var med far sin i felten og truleg trekte i soldatutstyr. Han regjerte i berre fire år (37-42 f. Kr), men rakk å gjere eit sterkt inntrykk. Og han har oppnådd status som den ultimate galne romerske keisaren (verre enn Nero!). Ein keisar som kanskje er aller mest berømt for at han ønskte å utnemne hesten sin til konsul.

«Bli historie, Caligula, bli historie», vrælar Caligula til spegelbiletet sitt på slutten av stykket til Camus, rett før sluttreplikken «Eg lever enno!» Caligula vart definitivt historie, men han har også hatt eit rikt vidare liv – ikkje berre på scenen, men på film, i litteraturen og i populærkulturen. I denne artikkelen skal eg sjå litt nærare på korleis teksten til Camus forheld seg til historia og det vi kan kalle etterlivet.

«Bli historie, Caligula,
bli historie
»

Måleri av franskmannen Emile Levy (1826-1890) viser Caligula som blir tilbedd av folket.

Dramatikaren og biografen

Ein svært viktig grunn til at Caligula har blitt hugsa, trass i si svært korte regjeringstid, er at forfattaren Sveton (fødd ca. 70 e. Kr) innlemma han i samlinga si av keisarbiografiar på line med Caesar, Augustus og Nero. Antikke biografiar har i mange periodar vore uglesett mellom historikarar, ettersom dei ikkje er opptekne av kronologi og store hendingar, men snarare karakteristiske anekdotar som skulle bidra til ei moralsk vurdering av personen. På same tid har desse biografiane med sine pikante detaljar – antikkens svar på Se og Hør – vore eit oppkomme for fantasien og inspirert levandegjeringa av desse antikke figurane i ettertida. Til dømes henta ingen ringare enn Shakespeare mykje inspirasjon til dei udødelege romerske tragediane sine i biografen Plutark sine skildringar av Marcus Antonius, Brutus og Caesar.

Dramaet til Camus kan ved første augekast verke svært absurd og overdrive, men mykje av det som slår oss som det drygaste eller mest absurde, er faktisk henta frå antikke kjelder – og då særleg Sveton. Biografien til Sveton består av 60 korte kapittel. Medan dei første om lag 20 kapitla handlar om den populære faren til Caligula (Germanicus) og den første regjeringstida hans, er den siste delen ein katalog over uhyrlegheiter. Som Sveton sjølv skriv: «Hittil har jeg skrevet som om det er en keiser vi har å gjøre med; i resten av min beretning dreier det seg om et utyske (monstrum)». Camus hentar altså meir enn karakteren og dei ytre rammene frå dei antikke kjeldene – mitt eksemplar av teksten til Camus er beint fram pepra med referansar til Sveton.

«Hittil har jeg skrevet som om det er en keiser vi har å gjøre med; i resten av min beretning dreier det seg om et utyske»

Mange element brukar han nokså uforandra, ja, nesten ordrett: Caligula sin «skattepolitikk», omorganiseringa hans av horehuset, stenginga hans av kornlagera, dei incestuøse forholda hans, og rova hans av hustruene til senatorane er henta rett ut av Sveton. Det same er detaljane som at diktarane i diktarkonkurransen måtte bruke tungene sine som viskelêr. Det som Senectus omtalar som Caligula sin ordre til bøddelen, «Drep han sakte, så han merker at han døyr», er ei nokså ordrett attgiving av Sveton sin «slå slik at han får kjenner at han avgår ved døden» (kap. 30). Og når Caligula klagar over at tida han har regjert «har vore altfor lykkeleg» og fryktar at han dimed ikkje eigentleg har noko som kan sikre han ein plass i historia (kap. 30). Ja, hans aller siste ord, «Eg lever framleis» er inspirert av forteljinga til Sveton: «Da han så lå på jorden og under krampetrekninger ropte at han ennå var i live, gjorde de ende på ham med tredve sår» (58).

Ei samanblanding med det guddommelege er i og for seg ikkje heilt framand for romerske keisarar – både Caesar og August vart erklært guddomlege – men dei skulle ikkje gjere dette mens dei var levande og dei skulle heller ikkje konkurrere med dei olympiske gudane. Caligula derimot hogg hovudet av guddomlege statuar og plasserte sitt eige oppå og fekk folket til å tilbe han mens han var i live. I stykket vårt gjer Camus særleg mykje ut av Sveton sin kommentar om at Caligula også utstafferte seg som Venus og dansa framom senatorane.

Om eg søv, kven skal da gi meg månen?

Caligula
Frå framsyninga Caligula. Foto: Ole Herman Andersen
Frå framsyninga Caligula. Foto: Ole Herman Andersen
Framsyninga har premiere på Det Norske Teatret 24. februar.
Framsyninga har premiere på Det Norske Teatret 24. februar.
Rolla som Caligula blir spela av Karl-Vidar Lende.
Rolla som Caligula blir spela av Karl-Vidar Lende.

Noko av det aller mest absurde i stykket til Camus er truleg den rolla månen speler. Men også månen har ein plass hos Sveton. I ein passasje der han omtalar gudsgalskapen til Caligula, skildrar Sveton korleis Caligula om natta «hadde for skikk å innby den lysende fullmåne til å komme i hans armer og ligge i hans armer» (22). Også andre gjennomgangsmotiv hos Camus – som bruken av spegel – har førelegga sine hos Sveton. Men han unngår nennsamt det opplagde og kanskje mest absurde av alt; ønsket om å utnemne hesten til Caligula til konsul.

Porno, psykologi og filosofi

I ein av papyrusane frå Oxyrhynchus i Egypt er namnet til Caligula stroke ut, og i Tacitus sitt store historieverk om perioden 14-68 manglar akkurat åra under Caligula, men han har likevel fått eit rikt etterliv, ikkje minst grunna Sverton, som kan kunsten å pirre fantasien. Caligula var tema i fleire barokkoperaer. Han er ein viktig karakter i I, Claudius (1934) av Robert Graves, som seinare vart TV-serie (1976). Han er ein typisk galen keisar i Hollywood-filmen The Robe (1953-), der han også blir skriven inn i den store forteljinga om dei romerske keisarane si forfølging av dei kristne. Ikkje minst er Caligula hovudpersonen i den historiske pornofilmen Caligula som kom ut i 1979, basert på eit manus av Gore Vidal og med anerkjende skodespelarar som Peter O’Toole, Helen Mirren og John Gielgud.

Filmen Caligula hadde premiere i 1979. Teresa Ann Savoy spelte rolla som Drusilla og Malcolm McDowell var Caligula. Manus var basert på ein tekst av Gore Vidal, regien hadde italienske Giovanni "Tinto" Brass. Foto: Wiki Commons

Ettertida byggjer vidare på og fyller ut hola i kjeldene. Det Sveton ikkje gjev oss mellom dei pirrande anekdotane er eit motiv for eller forklaring på galskapen. Han kommenterer at Caligula i barndomen var plaga av epilepsi og også leid av svevnløyse (kap. 50). Andre kjelder skildrar eit slags samanbrot som fell saman med at søster hans, Drusilla døyr. Var galskapen medisinsk? Var det kjærleikssorg? Er det makta som korrumperer? Eller er det noko heilt anna? Det er ikkje minst her ettertida fyller karakteren med liv. Medan det frå tid til anna dukkar opp forskingsartiklar med medisinske diagnosar frå forstyrring av skjoldbruskkjertelen eller interiktal epilepsi til meir psykoanalytiske tilnærmingar, er det også her særleg filosofar og diktarar kjem inn.

Antikke karakterar har ofte vore brukt til å tenkje med – anten dei er mytiske eller historiske eller noko midt imellom. Romersk historie og latinske tekstar har vore ein viktig del av skolepensumet opp gjennom den vestlege historia og dermed eit felles tankegods ein kan appellere til. Caligula er t.d. omtala i fleire av dei politiske artiklane i den store franske encyklopedien. Denis Didero, ein av fedrane til encyklopedien, nemner Caligula i skriftene sine, som eit døme på korleis makta korrumperer. Som han skriv: «Hvis Caligula hadde vært sønn av en skomaker ville han ikke gjort annet enn en flue fortred.»

«Hvis Caligula hadde vært sønn av en skomaker ville han ikke gjort annet enn en flue fortred.»

Denis Diderot

I det aller første skodespelet sitt, Catilina (1850) gjev Henrik Ibsen ein annan romersk erkeskurk, konspiratoren Catilina, som etter seiande planla statskupp mot Cicero, eit slags menneskeleg andlet ved å projisere ein kamp mellom evnene og lengten i han. Ibsen lar også to kvinneskikkelsar representere ulike sider av Catilina. Den er denne tradisjonen Camus skriv seg inn i når han brukar Caligula til å turnere det absurde, uforståelege i verda og innføre ein slags ekstrem logisk konsekvens i det heile. Han jobba med stoffet over tid – første utgåve vart trykt i 1937, medan siste versjonen vart gitt ut i 1944 – og stykket utvikla seg med tida.

På denne måten bidreg Camus sitt verk til å gjere sluttreplikkane til Caligula sanne: Caligula blir både historie og levande. Endåtil ikkje berre levande i Camus si samtid. Alle oppsettingar av stykket til Camus bidreg til å gje Caligula liv. Då blir eit nytt kapittel lagt til «livshistoria» til Caligula.

Vidare lesing

Caligula-biografien til Sveton er tilgjengeleg på svært leseleg norsk i serien Thorleif Dahls kulturbibliotek, i Henning Mørland si omsetjing; Sveton, Romerske keisere (Aschehoug 1974). Han ligg ope tilgjengeleg i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket. Det er også omsetjinga hans som er nytta i denne teksten. Nyfiken på meir om romerske keisarar? Prøv ut Mary Beard si siste bok som nett kom ut på norsk: Keiseren av Roma (Cappelen Damm 2024). Og dessutan er Caligula’s horse namnet på eit australsk progrock-band.

Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk

Artikkelen er publisert 22.02.2024.

Meir bakgrunn: