Bakgrunnsartikkel

Å forstå det vi liker å verne oss mot

- Noko som inntil i går var ein absurd replikk i stykket Caligula, er i dag ei avisframside. For kvar dag vi arbeider med stykket, blir det mindre ekstremt. Berre meir attkjenneleg, dessverre, seier Peer Perez Øian som har regi på Caligula på Hovudscenen i vår.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

I djup sorg over bortgangen til den høgt elska søster si, forlet den romerske keisaren Caligula det høgaste rådet i staten i tre døgn før han returnerer med eitt enkelt mål: å forstå meininga med livet. I Albert Camus sitt mørke drama frå Romarriket, utgitt i 1944, får ein karismatisk leiar absolutt fridom til å utfordre sosiale konvensjonar i jakta på ein personleg mani.

Statsleiar i fri dressur

Peer Perez Øian er i ferd med å forstå korleis det har seg at stadig fleire nasjonar held seg med statsleiarar som slett ikkje fortener tilliten vår. Caligula er i praksis ein demonstrasjon for å forstå det vi liker å verne oss mot, og som vi liker å kalle umenneskeleg og «umogleg å forstå».
– Eg skjønar meir av logikken til dei meir ekstreme statsleiarane rundt om i verda, og skjønar også dessverre kvifor det skjer.

– Eg forstår Netanyahu betre, eg forstår Putin betre, eg forstår Trump betre og eg forstår menneska rundt dei betre.

Regissøren meiner at stykket er ein sjeldan sjanse til å sjå korleis menneskelege dilemma blir blottlagt gjennom Camus’ radikale døme på ein statsleiar i fri dressur.
– Eg forstår Netanyahu betre, eg forstår Putin betre, eg forstår Trump betre og eg forstår menneska rundt dei betre. Kimen til forståinga av desse menneska ligg i dette dramaet. Det legg eit ansvar på oss alle, men det er på eit vis forståeleg kvifor vi ikkje reagerer.

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Caligula viser kva som kan skje når ein diktator utviklar symptom prega av vrangførestillingar om omverda og stordomsidear om seg sjølv. Den politiske avgjerdsprosessen blir prega av irrasjonelle innfall. Statsfinansane blir øydsla vekk. Han lever utagerande og grenseoverskridande og blir stadig meir omsynslaus i val av maktmiddel. Skattetrykket aukar, og mistenkjelege element blir rydda av vegen.

Caligula og Putin

– I dag vakna eg til ei nyheitsmelding om at Putin vil innføre ein ny lov som seier at staten kan konfiskere eigedommen din dersom du kritiserer makta. Det er så koko korleis dette stykket berre blir meir og meir normalisert, trass i at det er så ekstremt. For det første som skjer i stykket er at Caligula seier «vi manglar pengar i statskassa, alle pliktar å gjere staten til einearving. Barna dykkar er no arvelause og når de døyr, så går alle pengane til staten. Sånn, no har vi løyst finanskrisa, topp stemning, folkens! Og, by the way, vi set opp ei liste av folk som vi – dersom vi treng pengar no – kan drepe.» Det skjer heilt vilkårleg, og det er opp til statsleiaren. Det er jo ein barnehagemåte å drive autoritær tankegang på, kritiser meg, så tar eg tinga dine. Men det skjer faktisk.

– Det er så koko korleis dette stykket berre blir meir og meir normalisert, trass i at det er så ekstremt.

Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Eksistensialisten Caligula

Peer Perez Øian har hatt høve til å dykke ned i eksistensialismen som retning i denne prøveperioden. At vi erkjenner at alle skal døy, før eller seinare, er den førande logikken.
– Filosofar og eksistensialistar hevdar at Caligula lever autentisk og er klar over det umoglege i det han forsøker å få til. Å leve autentisk. Som for meg er ein provokasjon ettersom han gjer alle mogelege omsynslause ting. Eg synest likevel at stykket Caligula byr på moglegheita til å forstå logikken bak ei ekstrem radikalisering. Det syner eit forsøk på å bryte med alt av status quo, men også korleis vi menneske er skrudde saman.

Normalisering av det ekstreme

Den rå og brutale eksistensialismen trenger seg fram og blir gradvis normalisert gjennom nyheitsstraumen vår. Igjen ser vi at trua på demokratia forvitrar, at politikarforakta aukar og at sterke leiarar utøver makt og går til brutale krigar. For regissøren blir Caligula nærast eit lærestykke i den ekstreme åtferda i verda.
– Arbeidet med denne framsyninga gjer den politiske utviklinga dessverre meir forståeleg. Samstundes er eg mindre klok på korleis eg sjølv skulle eller kunne ha agert i situasjonen. Og eg forstår meir kvifor det ikkje lar seg løyse.

– Eg synest likevel at stykket Caligula byr på moglegheita til å forstå logikken bak ei ekstrem radikalisering.

Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

I scenografien til Etienne Plus er framsyninga lagt til ein patriarkalsk board room-estetikk, eit styrerom vi kjenner frå seriar som Succession og Suits.
– Det er ikkje vanskeleg å sjå at vi skjeglar til den typen manifestasjon av maktrom, seier Øian.
– Camus skriv eksplisitt at han ikkje vil ha toga og at dette ikkje skal skje i Roma. Det skal utspele seg i sentrum for makta, der makt er samla. I takt med at Caligula forsvinn lenger og lenger inn i sin eigen desperasjon og abstraksjon så forsvinn rommet og blir meir og meir eit stort, svart inkje. For det er jo unekteleg mørkt, det heile, avsluttar Peer Perez Øian.

Intervjuet er publisert 15. februar 2024.

Meir bakgrunn: