Kva med å ta dei med på teater? Det Norske Teatret er den største nynorskinstitusjonen i landet. Vi speler teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.
Språkoppdraget
Om du er interessert i språk og teater, så er podkasten Språkoppdraget midt i blinken for deg! Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk, og den er no inne i sin femte sesong. Det betyr at det er mange gamle episodar som ligg ute. Du kan møte gjestar som Linda Eide, Stein Torleif Bjella, Olaug Nilssen, Kari Veiteberg, Maja Lunde og Are Kalvø. Og mange fleire!
Annankvar onsdag kjem det ny episode. Du finn den, heilt gratis, der du elles høyrer på podkast. Følg oss gjerne, så får du alltid den siste episoden rett inn i spelaren din.
Under finn du den siste episoden. God lytt!
I podkasten Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn. Programleiarar er språkkonsulent Inger Johannes Sæterbakk og formidlingsdramaturg Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsent er Ole Herman Andersen.
Kven var Ivar Aasen, igjen?

Nynorskens far: Ivar Aasen
Ivar Aasen (1813-1896) kom frå Hovdebygda i Ørsta og var utdanna frå omgangsskulen, med om lag ti dagar skulegang i året i nokre få år.
Les meir
Du og eg, Norsk Ordbog
Kristin Fridtun: - Norsk Ordbog av Ivar Aasen, plar eg svara, når nokon spør kva bok eg hadde teke med meg til ei aud øy. Men meiner eg det?
Les meir