Bakgrunnsartikkel

Linda Eide

Linda Eide er kjend som programleiar i TV og radio med stor formidlingsglede og mykje humor. Dette er hennar første soloframsyning på teaterscenen.

Linda Eide er journalist, forfattar, fjernsynsforteljar og programleiar. Mange kjenner henne frå program som Norsk attraksjon og Eides språksjåv på NRK. Ho har vunne fleire prisar for journalistikken sin, m.a. Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Gullruten, både for programleiing og reportasje, samt ei rekke språkprisar. Oppdrag Mottro er hennar første soloframsyning på teaterscenen, basert på hennar eiga bok med same tittel.

Melsomprisen går i år til ei bok som fell mellom fleire sjangrar. Eller som skaper ein ny sjanger: «Telefonintervju med dine nærmaste». Dette er «historia om mor» på ein ny og original måte. Samtidig byr boka på eit morosamt og opplysande tidsbilde, med eit vake blikk for sosiale nyansar..» ”Oppdrag Mottro” er meir enn berre mimring om gamle dagar. Det er faktisk noko som står på spel for forfattaren, og i enda større grad for intervjuobjektet

Frå grunngjevinga for tildelinga av melsomprisen i 2013.