
Stein Torleif Bjella
Stein Torleif Bjella (f. 1968, Ål) er låtskrivar, lyrikar, musikar og forfattar.
Stein Torleif Bjella har bakgrunn frå mange yrke, mellom anna dørsal som journalist i avisa Hallingdølen. Musikken har vore med han heile tida, og han har tidlegare vore med i banda Couldn´t Happen Here, Farmen og Tolv Volt. I 2009 debuterte han som soloartist med albumet Heidersmenn. Dei humoristiske, såre og varme visetekstane hans kombinert med smektande americanainspirerte tonar slo an hos både publikum og kritikarar. I 2011 kom oppfølgaren Vonde visu, som fekk minst like god mottaking og blei heidra med Spelemannsprisen i viseklassen. Året etter blei Bjella musikar på heiltid, og har sidan gitt ut sju kritikarroste album, og hausta fleire Spelemannsprisar, Prøysenprisen og Edvardprisen, for å nemne nokre.
I 2017 var det premiere på framsyninga Kan nokon gripe inn på Det Norske Teatret. Framsyninga var basert på tekstar, songar og typar frå Bjellas univers, og fekk knallsterke kritikkar. Det blei også turne med Riksteatret, og under turneen måtte Bjella steppe inn i ein av rollene.
Stein Torleif Bjella har også gitt ut diktsamlinga Jordsjukantalogien (2017) og romanen Fiskehuset (2021). For tida er han også aktuell på TV2 i Hver gang vi møtes.
Aktuell på scenen i framsyninga Heil ved, basert på boka til Lars Mytting og med songar av Bjella.