Portrett av Sarakka Gaup • Ellána Bireha Áillu Sarakka

Sarakka Gaup • Ellána Bireha Áillu Sarakka

er ein norsk-samisk skodespelar frå Oslo og Kautokeino. Ho blei uteksaminert frå skodespelarlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo i 2022.

Ho har vore medi teaterframsyningar ved m. a. Hålogaland Teater (Vinduer), Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš (Gullspråket, Pippi Langstrømpe, Kvinnerommet), Riksteatern i Stockholm (Dagbrott), Giron Sámi Teáhter - Det Samiske Teatret i Sverige (Co2lonialNATION, Reaktor), Kloden Teater (Veien sitt ansikt) og Nordic Black Theatre. Ho har også spelt i Oresteia og Sportskoret ved Det Norske Teatret. Ho har også vore med i filmen La Elva Leve/Ellos Eatnu og TV-serien Verden er min. I tillegg til å vere skodespelar er Gaup dramatikar, og skriv samisk samtidsdramatikk for Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og Dramatikkens Hus. I 2013 blei ho kåra til Årets unge kunstner ved urfolksfestivalen Riddu Riđđu.

Aktuell i Roberto Zucco våren 2024.

Aktuell med

Portrett av Jazz på nynorsk

Jazz på nynorsk

Torsdag/ 24. okt. 2024/ 20:00
Rolle
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2024 Roberto Zucco Jenta / Kvinne i parken
2024 Sportskoret
2023 Oresteia Kassandra, Furie
FORSPEL