Terningkast fem

«Skarpslipt drama om sorg og blodhevn»

«Tragedie med gåsehud-garanti»

«så språklig presist som bare Jon Fosse kan få til, av et ensemble som holder høyden fra først til sist»

Kor går grensa for menneskas ansvar? Kan enkeltmennesket bli halde ansvarleg for sine eigne handlingar, eller ligg det eit nivå over oss, som kan orsake oss for feiltrinna våre?

Det finst nesten ingen grenser for kva menneska i denne tragedien skal gjennomleve. Her er svik, krig, offer, hemn, drap, kjærleik og lidenskap. Her er guddommelege menneske og menneskelege gudar, og ikkje minst er her interaksjon mellom gudar og menneske. Oresteia blir gjerne lese som eit oppgjer med blodhemnen, men det ligg ein ambivalens i mellom linjene som òg opnar for ei djupare meining. Kanskje er den evige spiralen av blodhemn noko vi framleis ikkje har greidd å fri oss frå?

Framsyninga er laga av regissør Eirik Stubø, som saman med sitt solide kunstnarlege lag nok ein gong har gått laus på ein klassisk tekst gjendikta av ein av dei største dramatikarane i vår tid, Jon Fosse, som no også har vunne Nobelprisen i litteratur.

Brytningstid

Oresteia er Jon Fosses gjendikting av den greske dramatikaren og hærføraren Aiskylos sin vinnartrilogi frå Dionysosfestivalen i år 458 f.Kr. Dette er den einaste komplette trilogien frå antikkens Hellas som er bevart. Historia tar utgangspunkt i mytologien om huset Atrevs og forbanninga som kviler over denne slekta. Dramaet skildrar ei brytningstid der den gamle skikken med blodhemn blir tatt opp til diskusjon og ein meir moderne rettsstat ser dagens lys. Rammeforteljinga er den trojanske krigen, men Aiskylos laga si eiga tolking av dei historiske og mytologiske hendingane. Det same har Jon Fosse gjort.

Bakgrunnen for Trojakrigen

Agamemnon og bror hans Menelaos, gjekk til krig mot Troja fordi prinsen av Troja, Prins Paris, stakk av med kona til Menelaos, den skjønne Helena. Men på veg mot Troja stilna vinden, og Agamemnon og hæren hans vart liggjande værfaste i byen Aulis. Til slutt fekk Agamemnon hjelp av ein sjåar, som fortalte at for å få vind, så måtte han ofre dotter si, Ifigenia. Agamemnon lurte Klytaimnestra og Ifigenia til å komme til Aulis, der han drap Ifigenia. Vinden kom tilbake, og han drog til Troja.

Oresteia begynner i det Agamemnon kjem heim etter å ha vunne Trojakrigen.

Verk i tre delar

Dette manuset er ei poetisk og kunstnarleg fri gjendikting som lener seg tungt på allereie eksisterande materiale, samstundes som den skapar noko nytt. Fosse har ei eiga evne til å skilje dei ulike stemmene frå kvarandre, og til å finne individet, det vesle mennesket, i det store dramaet. Verket består av tre delar, Agamemnon, Orestes (originalt Gravofferet) og Atene (originalt Eumenidene).

Framsyninga er produsert av Det Norske Teatret i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett.

Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse:

Bli klokare på eit klikk!

Finn ut meir