Gulraiz Sharifs kritikarroste ungdomsroman frå 2020 har alt rukke å bli kinofilm, og no skal denne sjarmerande feelgoodforteljinga frå ein norsk-pakistansk familie på Oslos austkant bli teater.

Det er sommarferie og Mahmoud på 15 år har store planar om late dagar på benken utanfor blokka med kompisen Arif. Men denne sommaren skal bli annleis. Familien får besøk av Onkel Ji frå Pakistan, og det er Mahmoud som får oppgåva med å vere Oslo-guide. Onkel Ji gjer store auge i Noreg: halvnakne damer som solar seg på stranda og menn som triller barnevogner har han aldri sett før. Og denne Sylvi Listhaug er jo ei veldig flott dame, synest onkel Ji. Men kva er det med Ali, veslebroren til Mahmoud, som slett ikkje oppfører seg slik gutar skal?

I løpet av sommarferien skal Mahmoud bli stilt overfor store prøvingar både som bror, son og menneske.

Hør her’a! er ei alvorleg historie fortald med humor og varme om å vere ungdom, om å stå i spagaten mellom ulike kulturar, og om å måtte begynne å ta ansvar for andre enn seg sjølv. Og ikkje minst, om å konfrontere både eigne og andre sine fordommar.

Frå bok til scene

Forfattar Gulraiz Sharif (f.1984) er frå Oslo og jobbar som lærar. Han pangdebuterte med romanen Hør her’a! i 2020, og boka fekk strålande kritikkar og omtale. Han vann Debutantprisen for barne- og ungdomslitteratur, og blei nominert til både Brageprisen, Uprisen, Bokbloggerprisen og Bokhandlerprisen, og er i tillegg selt til fleire land. Sharif har blitt omtala som «det friskeste pustet denne bokhøsten» og som ein forfattar med ei original og særeigen stemme med mykje på hjartet.

Hausten 2023 kom filmen Hør her’a!, til strålande kritikkar. Våren 2024 kjem historia til Scene 2. Dramatisering og regi er ved Toril Solvang.

Kjøp billett

Vel speledato for Hør her´a!

Finn ut meir