Forfattarane Linn Ullmann, Kathrine Nedrejord og Edvard Hoem er alle aktuelle med tekstar på Det Norske Teatret våren 2025. No har vi fått dei til å lese kortromanen Lady Macbeth fra Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov.
Dramaturg Ingrid Weme Nilsen er programleiar for Leselaget, og i løpet av podkastserien skal ho undersøke om det kanskje er sånn at vi alle bør lese Leskov.
Første episode: «Mykje blod og død i dette her»
Første medlem i Leselaget er forfattar Edvard Hoem. l podkasten fortel Hoem at han har lese mykje russisk litteratur, men ikkje Nikolaj Leskovs forteljing Lady Macbeth fra Mtensk.
- Eg må tilstå at Leskov har gått meg hus forbi! Men eg vil avgjort seie at dette gir meirsmak. Det er ei kraftfull, for ikkje å seie brutal form for litteratur. Mykje blod og død i dette her.

Edvard Hoem er første gjest i podkasten Leselaget.
Hoem meiner at kvaliteten i forteljinga er at ein som lesar forstår kvifor det må gå så gale for hovudpersonen Katerina. Ho er fylt av kjærleik og sensualitet, men det er noko destruktivt i det.
- Undergang og død ligg som eit lys over heile lidenskapen. Og det er eit paradoks, at det som skulle vere hennar sterkaste livskraft, blir ei destruktiv undergangskraft.
Hoem meiner at det er ei sanseleg forteljing, og at det ikkje er tilfeldig at Lady Macbeth fra Mtensk blir teater. - Eg trur den på ein eller annan måte glir inn i den brutaliteten og lidenskapen som pregar vår tid. På godt og vondt.
Edvard Hoem konkluderer med at Lady Macbeth fra Mtensk er eit stykke litteratur på høgt nivå. I vinter blir framsyninga basert på hans eigen roman Jordmor på jorda, vist på Det Norske Teatret. På slutten av podkasten snakkar dramaturg Ingrid Weme Nilsen og Hoem også om den romanen.
Lytt til første episode av Leselaget med Edvard Hoem.
Bli med i laget!
Vi vil gjerne ha med deg i Leselaget også! Dette er det du treng å vite:
Det blir sagt at Leskov er den mest russiske av alle russiske forfattarar. Ein språkets meister og blant dei finaste forteljarane i russisk 1800-talslitteratur. Dessverre for Leskov hamnar han ofte i skuggen av dei store realistane som Dostojevskij og Tolstoj, men blant dei russiske forfattarkollegaene var han høgt skatta.
Lady Macbeth frå Mtsensk er ei kort forteljing på ca. 60 sider. Men på desse få sidene får du ei uhyggeleg historie, full av stormande kjærleik, store svik og drap på rekke og rad. Og i sentrum av det heile står den unge, vakre kjøpmannskona Katerina Lvovna Izmajlova.

Programleiar Ingrid Weme Nilsen vil gjerne ha med deg i Leselaget!
Lady Macbeth frå Mtsensk er dessverre ikkje lengre mogleg å kjøpe på norsk i bokhandelen. Men du kan låne ho på biblioteket eller kjøpe boka på eit antikvariat. Ho ligg også gratis tilgjengeleg i digital versjon på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.
Våren 2025 speler Det Norske Teatret framsyninga Lady Macbeth, basert på teksten til Nikolaj Leskov.