Festivalen har sidan vore arrangert kvart anna år i september og neste festival blir i september i 2025.
Med Nobelprisen ser vi at Fosse er meir populær ein nokon gong og at festivalen i 2025 vil markere eit taktskifte i interessa og merksemda på både Fosse og forfattarskapen hans. Vi er stolte av at Fosse er «vår» forfattar og at han dedikert nobelprisen til nynorsken.
Fosse er stor der ute, er omsette til over 20 språk og er den mest spelte norske dramatikaren etter Henrik Ibsen. I tillegg til at teateret set opp fleire Fosse-dramatiseringar, har festivalen eit internasjonalt preg. Vi har både utanlandske regissørar og scenografar som jobba hos oss med Fosse-dramatikk, men i tillegg får vi utanlandske gjestespel på besøk. Her er eksempel på nokre av besøka:
Kant, Frankrike
Draum om hausten, Russland
Og så kan hunden kome, Sverige
Nokon kjem til å kome, Japan
Nokon kjem til å kome, Hellas.
Eg er vinden, Belgia
Varmt (Warm), Belgia
Spelejenta, Polen
Under festivalen er det og eit rikhaldig seminarprogram, byvandringar, konsertar, bok-kafear, utstillingar og mykje, mykje meir.
Kontakt:
Roar Myrvang, produsent
roar.myrvang@detnorsketeatret.no
Mobil: +47 90637179
Kirsti Ervik, partnaransvarleg
kirsti.ervik@detnorsketeatret.no
Mobil: +47 91191701
Les meir om Den internasjonale Fossefestivalen
Den internasjonale
Fossefestivalen
Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994. …