Spelejenta er eit moderne og poetisk eventyr om ei jente som er veldig flink til å spele fele, men som også kan lese framtida i handflata si. Ho ser at faren sit forkommen på ei aude øy, og at båten hans er forlist. Ho tek fela med seg og legg ut på ei spennande ferd for å finne og trøyste han.

Men vegen er lang, hindringane mange, og jenta er redd. Heldigvis har ho med seg den beste vennen sin – fela. Det viser seg at fela er magisk, og når ho spelar på den, kan fjell og hav opne seg. Forteljinga er inspirert av folkeeventyr og bibelske forteljingar, og handlar også om ein situasjon der barnet må ta mykje ansvar.

Det polske dokketeateret Teatr Baj har som mål å søke nye former for teater, med vekt på barnet som betraktar og figurteater og dokker som formspråk. Det er viktig for dei å ta barna på alvor. I Spelejenta vil musikken ha ein sentral plass i formidlinga av både eventyret og dei store kjenslene.


Passar frå 10 år. Framsyninga er utan ord.

MED Adriana Parocka, Andrzej Bocian, Oskar Lasota

Framsyninga er laga som del av prosjektet "Barn - Vaksen - eit leksikon for sensitivitet", og er støtta av Financial Mechanism of the European Economic Area (MF EEA) 2014-2021.
Framsyninga er eit samarbeid mellom Teatr Baj og Det Norske Teatret.

For international guests

Finn ut meir