tg STAN er eit av dei mest særprega og internasjonalt ettertrakta teaterkompania i Europa, og dei har eit nært forhold til dramatikken til Jon Fosse. Denne gongen har dei tatt fatt på Varmt, der gamle kjensler blir vekt til live på ei kai og fortid og notid blir bunde saman.

Tre karakterar – den første mannen, den andre mannen og kvinna – møter kvarandre på ei kai. Dei to mennene hugsar ikkje om dei kjenner kvarandre, om dei har møttest før eller ikkje. Kvinna kjenner igjen den første mannen. Det er lenge sidan sist dei såg kvarandre, og ho veit ikkje kor ho er. Ho vil bade. Ho vil snakke om barn. Barna hans. Korleis går det med dei?

Slik tg STAN ser det, skildrar stykket også tre skodespelarar som ikkje veit kor dei er, korleis dei har det, eller kva dei er, no som dei har landa den staden dei ikkje kan forlate, nemleg scenen.

Om tg STAN

tg STAN er eit akronym for Teatergrupp Stop Thinking About Names og er eit belgisk teaterkollektiv som består av medlemmane Jolente De Keersmaeker, Damiaan De Schrijver og Frank Vercruyssen. Dei møttest under studiar ved konservatoriet i Antwerpen i slutten av 80-åra, og har prega den europeiske teaterscenen sidan byrjinga av 90-åra. Det var læremeisteren deira, Matthias de Koning frå kompaniet Maatschappij Discordia, som introduserte dei for ei mindre dogmatisk tilnærming til teateret. Dei jobbar etter demokratiske prinsipp, og alle deltek i alle avgjersler, frå tekstval og lyssetjing til kostyme og marknadsføring. STAN set skodespelaren i sentrum og har tru på skodespelaren både som skapar og utøvar. Når dei har valt ein tekst, set dei seg rundt bordet og jobbar med han. Det er først nokre dagar før premieren at skodespelarane beveger seg ut på scenen, og dei meiner det er i møtet med publikum at framsyninga i realiteten blir til. Ei STAN-framsyning er ikkje eit ferdig produkt, men ein invitasjon til samtale.

– Vi vender stadig tilbake til Jon Fosse, på grunn av det unike språket hans, som består av få og enkle ord, korte setningar og repetisjonar og karakterar blotta for psykologi. Fosse viser at litteratur og kunst kan vere både ei stor trøyst og ei stor sorg.

SPRÅK Nederlandsk. Teksta til engelsk på scenen.

MED Damiaan De Schrijver, Matthias de Koning, Annette Kouwenhoven

For international guests

Finn ut meir