Les Misérables
basert på romanen av Victor Hugo

Ei av verdenslitteraturens mest gripande historier, berømt som musikal, er i denne versjonen ikkje musikal, men i ein rå teaterform. I kjent stil for regissør Kjersti Horn er framsyninga som eit einaste langt one-take-filmopptak, der publikum får sjå skodespelarane heilt tett på.
Her blir Les Misérables eit epos om å forsøke å vere eit godt menneske for einkvar pris. Det er radikal historieforteljing, ein blottlagt teaterleik og ein påminnar frå ei anna tid om å halde fast i det som til alle tider er viktigast: medmenneskelegheit.
Fange nummer 24601
Les Misérables er historia om straffefangen Jean Valjean som stel eit brød til søstera og barna hennar som svelt, og må bøte for dette resten av livet. Det handlar om ein mann som ikkje har ein sjanse i eit system som blindt følger reglane, også når dei er urettferdige. Handlinga strekk seg over ein periode på over 17 år frå 1815, og kulminerer i 1832 med det franske juniopprøret.
Ei historie om utanforskap
Teatersjef og regissør Kjersti Horn har gjennom karrieren engasjert seg intenst i det ho kallar utanforskap. Dei som ikkje er ein del av fellesskapen fordi dei ikkje kan, og felleskapen ikkje vil. Her gir ho nytt liv til det samfunnskritiske eposet, og sørger for at vi ikkje kan sjå bort fra alt det og dei miserable vi – og samfunnnet vårt – har skapt.
«I mødet med skuespillernes monologer, deres dybe øjenkontakt, ægte tårer og vildt potente replikker sidder jeg fængslet hele vejen igennem.»
Nytt skodespelarlag på Det Norske Teatret
På scenen er også videoinstruktør Borgar Skjelstad, som følger skodespelarane heilt tett med eit kamera, så framsyninga går føre seg både på scenen og på ein stor skjerm. Dei norske skodespelarane Sigrid Husjord og Francisco Kalle Navarro er med til Det Norske Teatret frå Betty Nansen-oppsetjinga, i tillegg til Emil Johnsen, Kenneth Homstad, Kjersti Dalseide og Joachim Rafaelsen.
Produsert i samarbeid med Betty Nansen Teatret i Danmark, og hadde premiere 26. mars 2025 i København.
«Radikal og dybt betagende fortolkning af ’Les Misérables’»
«Les Misérables er i Reumert-kategorien»
Kjøp billett
Vel speledato for Les Misérables
-
Få billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar