Seks skodespelarar gir oss den gripande historia om straffangen Jean Valjean og hans harde kamp for eit verdig liv. For kor går vegen når du har vore innesperra i eit fengsel og gått med jarnlenke rundt anklane i 19 år? Når du har blitt frårøva namn og identitet og mista kontakten med alle som ein gong betydde noko for deg? Og når passet ditt markerer tydeleg at du er ein straffedømt og potensielt livsfarleg person? Fattigdom, klasseskilje, lov og rett, omsorg, nåde og forsoning er sentrale tema.
For Jean Valjean er det velgjerninga frå ein biskop som blir det avgjerande vendepunktet. Ingen vertshus vil la Jean Valjean overnatte, sjølv om han kan betale for seg. Men biskopen lar han komme inn i huset sitt, og gir han mat og seng. Den største velgjerninga skjer dagen etter. Da blir nemleg Jean Valjean arrestert for å ha stole biskopens sølvtøy og sølvlysestakar. Så fekk dei altså rett, alle dei som nekta Jean Valjean husly. Ein gong kriminell, alltid kriminell.
Men biskopen er ikkje einig. For sølvtinga er Jean Valjean sine eigedelar, seier han. Dei er hans. Og ingen kan stele noko frå seg sjølv. Så politiet må la Jean Valjean gå.


Møtet med biskopen får enorme konsekvensar for Jean Valjeans liv. Han blir inspirert til å leve ærleg, og til å bruke kreftene sine på å gjere godt for andre. Han gjennomgår ei radikal forvandling, tar seg ein ny identitet, og blir til og med borgarmeister - ein posisjon han brukar til å hjelpe så mange fattige som mogleg. Det er som borgarmeister han møter den stakkars, prostituerte Fantine, som i naud har blitt tvinga til å sette bort dotter si, Cosette. Og det er omsorga for Cosette som blir drivkrafta til Jean Valjean når politiinspektør Javert på ny kjem på sporet av han. For er det ikkje noko underleg med denne borgarmeisteren i Montreuil-sur-Mer? Er han ikkje til forveksling lik den farlege straffangen Jean Valjean, han som forsvann under merkelege omstende for mange år sidan?
Les Misérables er eit gigantisk referanseverk i litteraturhistoria. Forteljinga har djupe personskildringar og ei skakande handling som går føre seg i eit samfunn prega av groteske klasseskilnadar. Dei to hovudpersonane Jean Valjean og politiinspektøren Javert har blitt ståande som arketypar som ein kan finne spor av i mange andre forteljingar verda over.
Framsyninga på Betty Nansen Teatret (der skodespelarar frå Det Norske Teatret for første gong i historia spelte på dansk!) har fått fantastiske tilbakemeldingar og panegyriske kritikkar. No gler vi oss stort til å få Les Misérables til Oslo og vise denne verdsberømte forteljinga om samfunnets aller svakaste i ny, nynorsk språkdrakt.